tre sortkledde damer sitter på en scene. En later som om hun kjører bil, håret står rett opp. De andre spiller instrumenter
Ensemble D'Cybèles opptrer under Marked for Musikk 2023

Korleis er det å turnere i DKS?

Å reise rundt på skular i Noreg med Den kulturelle skulesekken er ei unik oppleving. Vi har spurt eit knippe kunst- og kulturutøvarar om erfaringane deira med DKS-turné.

Aktørane i Den kulturelle skulesekken (DKS) møter barn og unge i heile Noreg, frå dei yngste i barneskulen til dei eldste på vidaregåande. Ordninga er mangfaldig i form og innhald, så ein produksjon kan vere alt frå eit forfattarmøte for éin klasse i eit klasserom til ein konsert for heile skulen i ein konsertsal. Produksjonane kan vere opplevingsorienterte, men dei kan også vere deltakarorienterte, til dømes i form av workshops.

Felles for alle DKS-produksjonar er at aktiviteten skjer i skuletida, og at det er etterlate inntrykk hos kvar enkelt elev som er det viktigaste.

I 2024 opnar DKS-portalen 1. september. Frist for å sende inn forslag er 1. oktober.

Les meir om DKS for utøvarar og send inn forslag her


Erfaringar frå DKS-turné

Korleis er det så å turnere i Den kulturelle skulesekken? Og kvifor vel 4000 kunstnarar og kulturutøvarar å gjere dette i løpet av eit skuleår? Vi har spurt nokre av dei som har vore på vegen med DKS om kva erfaringar dei har gjort seg.

I denne videoen fortel forfattar Anna Fiske, dansar Daniel Grindeland og musikar Kouame Sereba om opplevingane sine med Den kulturelle skulesekken:

Eg har fått utruleg verdifull mengdetrening på formidling av kunst

Skuleåret 2024/25 skal forfattar Sunniva Relling Berg på DKS-turné med produksjonen «Å utforske verda med ord».

–Etter å ha arbeidet i DKS ser eg meir den demokratiske verdien av å formidle kunst og kultur for eit så breitt publikum som mogleg

Skuleåret 2024/25 skal musikar Viktor Bomstad på DKS-turné med «Tyven og Sjamanen», «Samisk Musikk For Alle» og «Magiske Hamskiftere».

– Det er ein super måte å utvikle meg på som kunstnar 

Skuleåret 2024/25 skal dansar og skodespelar Martine Kveli  på DKS-turné med «En pappeske med historier».

– Vi har høvet til å påverke og engasjere. Det er ein innverknad som vi må ta på alvor.

Skuleåret 2024/25 skal koreograf og dansar Jens Trinidad på DKS-turné med «Compassion Stories», «Labyrint»og «Shout».

– Det som skjer når ein gymsal blir forvandla, er rett og slett magisk!

Skuleåret 2024/25 skal musikar Sandra Kolstad på DKS-turné med produksjonen «Elv på himmelen», «Alltid annleis»  og «Burning Love».

– DKS er ei flott moglegheit, då eg ser ei personleg utvikling i arbeidet mitt som kulturutøvar

Skuleåret 2024/25 skal kunstnar Emma Gunnarsson og marinebiolog Therese Meyer på DKS-turné med «Avtrykket i havet – Ei reise til tareskogen».

– Framsyninga opna eit rom for samtale

Skuleåret 2024/25 skal forteljar og scenekunstnar Mehda Zolfaqarp å DKS-turné med «Soleiman og Dronningen av Saba».

– Alle har reist litt rundt i landet, men ikkje på den måten du gjer når du er på DKS-turné

Skuleåret 2024/25 skal breakdansar Daniel Grindeland DKS-turné med «Askeladden på nye eventyr», «Breakdance workshop med Absence» og «Veivalg – workshop og foredrag».

– Det kjekkaste er alt det smellsøte ungane spør om

Skuleåret 2024/25 skal barnebokforfattar og musikar Roald Kaldestad på DKS-turné med «Heavykatten» og «To hundre og sekstini dagar».

– For meg er filmframsyningane med DKS av dei mest verdifulle

Dokumentarfilmskapar Solveig Melkeraaen elskar å møte barn og unge der dei er, anten det er i bitte små bygder eller store byar.

– Det er givande når vi treffer ein kreativ nerve i fellesskap

Skuleåret 2024/25 skal musikar Gisle Haaland og fotograf Thomas Winje Øijord på DKS-turné med «Et blikk på hverandre».

– Elevane ville ikkje la meg gå

Skuleåret 2024/25 skal filmskapar Emilie Blichfeldt på DKS-turné med «Filmkameraets blikk».

– DKS er eit heilt fantastisk tiltak

Skuleåret 2024/25 skal dokumentarfilmskapar Audun Amundsen DKS-turné med «Et viralt eventyr» og «Fra pil og bue til penger og mobiltelefoner».

– Ein intens, krevjande og veldig morosam reise

Dansarane Mayombe og Jomo Masai ønskjer å bryte ned barrieren mellom det profesjonelle dansaren og publikummet ved å attskape eit energisk brasiliansk karneval i gymsalen.

– Eg møtest av ei stille som kjem heilt frå magen

Dokumentarfilmregissør Sofia Haugan elskar å sjå forandringa i auga til tenåringar når dei møter noko dei ikkje forventar.

– At elevane er så medskapande har gitt makelause stunder

Teatersjef og skodespelar Mats Eldøen ønskjer at kvar framsyning skal vere eit eventyr – for utøvarane og for elevane.