Portrett - Sunniva Relling Berg
Forfattar Sunniva Relling Berg. Foto: Samlaget

– Eg har fått utruleg verdifull mengdetrening på formidling av kunst

Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane Beina i gitaren (2013), Polarnatt (2019) og Lyden av to hender (2021). Skuleåret 2023/24 er ho på DKS-turné i DKS Møre og Romsdal med «Polarnatt – samtalar om flukt».

Kor mange år har du vore DKS-utøvar?

– I over ti år. Takka vere Norsk Forfattersentrum fekk eg raskt informasjon om DKS då eg debuterte med ungdomsbok i 2011.

Korleis er det å turnere i Den kulturelle skulesekken?

– Svært spanande, variert og til tider utmattande. Det er krevjande å møte stadig nye klasser, halde det same opplegget på nytt og på nytt, og gi så mykje av seg sjølv. Samstundes blir opplegget annleis for kvar ny stad eg er, og eg får flust av nye forsøk, som gjer det gøy å halde på med over lengre tid.

Kva meiner du er det mest unike ved å vere ein del av DKS samanlikna med andre typar kunstnariske engasjement?

– Det er veldig kjekt at alt pleier å vere så godt planlagt. Det er fint å få reiseplan, og kunne legge ut på tur og vite at eg kan ta høyre med DKS-kontakten om det skulle vere noko.

Det er veldig kjekt at alt pleier å vere så godt planlagt. Det er fint å få reiseplan, og kunne legge ut på tur og vite at eg kan ta høyre med DKS-kontakten om det skulle vere noko.

Korleis har DKS-ordninga påverka tilnærminga di til formidling av kunst?

– Eg har fått utroleg verdifull mengdetrening på formidling av kunst. Eg har fått live-testa ulike opplegg. Sidan ein DKS-turné gjerne inneheld mange formidlingar, er det muleg å tilpasse og forbetre undervegs. Det gjer det veldig spanande.

Kan du dele eit spesielt minne eller oppleving du har hatt på ein DKS-turné?

– Eg hugsar godt då eg skulle møte ei lita elevgruppe på 3-4 elevar, og læreren advarte meg om dei på førehand. Ho sa det var veldig svake elevar, og då eg snakka med elevane, snakka dei om seg sjølv på same måte som læraren. Vi er svake, vi kan ikkje dette. Då var det stort å oppleve at samtalen om litteratur og skriving fekk dei til å opne seg. Dei kunne vere seg sjølve i møte med teksten og skrivinga, utan krav eller ein fasit. Det blei ei veldig fin formidling, og det var veldig spanande å høyre kva elevane tenkte. Det er gjerne dei små gruppene eg hugsar best.

Men eg har òg møtt opp til ein skule, der ingenting av teknikken var på plass. Eg skulle snakke i ein gymsal for heile ungdomsskulen utan mikrofon og skjerm, berre stå på golvet framfor dei. Det blei også ein av dei finaste formidlingane eg har hatt.


Eit utval bilete som Sunniva tok under DKS-turnéen skuleåret 2022/23.