– Det kjekkaste er alt det smellsøte ungane spør om

Barnebokforfattar og musikar Roald Kaldestad spurde ein førsteklasse kva ein forfattar er. – Ein som reiser rundt og gjer folk glade, sa ein av elevane. Og det var i grunn eit godt svar.

– Eg har vore så heldig å turnere med DKS i tjue år, og eg har vore over heile Noregs land. Som forfattar byrja eg å turnere i år 2000. Då hadde eg akkurat debutert med boka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip, og fekk tilbod om å reise rundt på skular i heile Kvinnherad. Det viste seg å vera både kjekt og godt betalt, så eg heldt berre fram med å turnere, og likar det i grunn betre og betre, fortel Kaldestad.

Rocka forfattarbesøk

I tillegg til å vere barnebokforfattar er han òg musikar, og el-gitaren får vera med på DKS-turneane. Heavykatten er nemleg ikkje berre høgtlesing, det er ei rocka og utagerande framsyning.

– Sidan eg ikkje likar så godt å turnere åleine, har eg etterkvart ordna meg slik at alle mine litterære produksjonar er i samarbeid med ein musikar. Og oftast er det Roy Ole Førland eg har gleda av å rakse rundt saman med. Me to har vore vener sidan første klasse på barneskulen, så det er ei fin blanding av business og pleasure. Etter alle desse åra kunne me to ha skrive lange reisebloggar og restaurantmeldingar frå heile landet.

– I tillegg til Heavykatten har eg òg to rolege og poetiske framsyningar som heiter Englefjell og To hundre og sekstini dagar,som eg har reist mest med dei siste åra.

Utkvilt og skjerpa

Kaldestad ser på alle framsyningar og konserter han gjer på same måte. Han skal gjere sitt ytste for at dei som sit i salen skal få ei god oppleving, uavhengig om det er barn eller vaksne. Derfor må han vere godt førebudd, utkvilt og skjerpa. Til gjengjeld får han god kontakt med publikum.

– Det aller kjekkaste er jo alt det smellsøte, løgne og overraskande som ungane spør om. «Er du fra Nord-Norg … nei, jeg mener Ny-Norge» lurte ei lita jente i Oslo på. «Kan du fikse hårbøylen min?» sa ei litt molefonken jente. Og det kunne eg faktisk, for eg hadde sterk gaffateip i gitarbagen min.

– «Kva er ein forfattar», spurde eg ein førsteklasse på Askøy. Ein førsteklassing rak opp handa. «En som reiser rundt og gjør folk glade», sa han.

Sitat: - Kva er ein forfattar, spurte eg. Ein førsteklassing rekte opp handa. - En som reiser rundt og gjør folk glade, sa han. - Roald Kaldestad

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné


Toppbilde: Roald Kaldestad på Vossa Jazz 2018 (Foto: Runhild Heggem)