–Ein intens, krevjande og veldig morosam reise
Publisert 09.09.2020
Danserne Mayombe og Jomo Masai ønskjer å bryte ned barrieren mellom det profesjonelle dansaren og publikummet ved å attskape eit energisk brasiliansk karneval i gymsalen.
– Det verste for oss, bortsett frå kulda om vinteren for Mayombe, er at vi alltid har det travelt med å komme vidare til neste skule i staden for å bli igjen for å snakke med alle som vil vite meir om både historia vår, laste ned musikken vår eller berre høyre meir om danseundervisninga, fortel brørne Masai.
Fekk høve til å jobbe saman gjennom DKS
Jomo og veslebror Mayombe voks opp i Rio de Janeiro i Brasil. Jomo blei tidleg danselærar, og Mayombe fekk allereie som 8-åring følgje han på jobb og lære alle koreografiane. Men så forlét Jomo Brasil for å satse på ein karriere innan dans, og sidene levde brørne på kvar sin kant av verda i ei årrekkje. I 2019 fekk dei likevel høvet til å jobbe saman for første gong, gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Dei har vore på turné i to omgangar i tidlegare Oppland fylke.
– Jomo har reist verda rundt og jobba med nokre av dei største stjernene i verda, og vore dansepedagog ved Det kongelege teaterets ballettskule i Danmark. Mayombe har blitt kåra til «sambakongen» av karnevalskomiteen i Rio de Janeiro og har brukt livet til å utforske brasiliansk kultur og dans. DKS-oppdraget har gitt oss høvet til å jobbe saman igjen før første gong på mange år – som dansarar på scena, fortel dei to brørne.
Stimulerer interesse for både norsk og brasiliansk kultur
DKS-opplegget består av danseoppvisning og workshop, der elevane får eksperimentere med ulike dansestilar og lære seg koreografi. Brørne ønskjer å bryte ned barrieren mellom det profesjonelle dansaren og publikummet, og målet er å attskape eit energisk brasiliansk karneval i gymsalen, der alle føler at dei kan uttrykkje seg og tore å sleppe seg laus.

– Dette er eit oppdrag der vi får høve til å bidra til å stimulere nysgjerrigheita, interessa og synet til ungdommane for både den norske kulturen og den brasilianske kulturen vi er vakse opp med. Vi prøver å gjere dei like nysgjerrig på sin eigen kultur som vår – og mange gonger har vi sett at dei får ei fornya stoltheit for sin eigen folkedans òg. Det er veldig fint å sjå!
Tilbakemeldingane dei får er spesielt givande. Både lærarar og elevar seier at dei blir glade og inspirerte. Samtidig kjenner brørne på ansvaret DKS-oppdraget gir og kor viktig jobben deira er i møte med elevane.
–På ein skule fekk vi i ettertid høyre at ein afrikansk elev fekk det mykje lettare på skulen etter besøket vårt. Vi fortel mykje om korleis vår eigen afrikanske kultur har vore med og forme det som i dag kjenneteiknar dansen i Brasil, og kor mykje vi verdset den historia. Denne eleven kjende seg igjen i historia vår, og vi trur han fekk noko å vere stolt over som dei andre elevane på skulen fekk ta del i og syntest var kult.
Skulle gjerne hatt meir tid på kvar skule
Brørne fortel at organiseringa rundt DKS gir dei tryggleik og tillit til å utføre ein så god jobb som dei klarer.
– Det beste er at kvardagen med DKS aldri er lik. På nesten kvar skule opplever vi små stunder og møter med elevane som er spesielle og unike. Det gjer DKS-kvardagen til ein intens, krevjande og veldig morosam reise.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné
Toppbilete: Brørne Masai bringar brasiliansk karneval og dansekultur til norske skuleelevar. (Foto: privat)