Stillbilde fra filmen Røverdatter. Regissør Sofia Haugan med faren går i en skog.

– Eg møtest av ei stille som kjem heilt frå magen

Dokumentarfilmregissør Sofia Haugan elskar å sjå forandringa i auga til tenåringar når dei møter noko dei ikkje forventar.

– Å nå vidaregåande-elevar gjennom Den kulturelle skulesekken har vore stort og utruleg gøy! Tenåringar dreg ikkje for å sjå «filmen om ho med den narkomane faren» når dei skal på kino. «Røverdatter» er ein mørk film, sjølv om han òg har lysglimt, seier regissør Sofia Haugan.

«Røverdatter» vant Amanda for årets beste dokumentarfilm i 2018. Haugan turnerte med filmen i DKS skuleåret 2019/20.

Paffe elevar

– Elevar har mange meiningar om Den kulturelle skulesekken, nokon føler at kultur blir pressa på dei. Det er flott å sjå tenåringsgutar slentra inn, leggje beina på bordet og slenge kommentarar til kvarandre. Du ser at dei har haldninga «blæh, kultur no?!» når eg introduserer filmen. Når eg såg kjem inn etter at han er ferdig, møtest eg av ei stille som kjem heilt frå magen. Elevane er paffe, og ekstremt emosjonelt nærverande. Dei ser på meg med eit woah!-blikk og spør om alt mogleg rart. Veldig mange har eigne erfaringar eller identifiserer seg med filmen på ein eller annan måte.

– Det er kult og flott å høyre nokon seie: «Eg er òg ei røvardotter!» Gjennom filmen får desse jentene ein ny identitet. Det har vore sterkt.

Forteljar om eige misbruk

Sofia fortel om gutar som kjem bort og vil snakke etter at alle andre har gått. Dei fortel om eige rusmisbruk, om å kjenne seg igjen i far hennar. Og at dei ikkje har lyst til å ende som han. Sofia poengterer alltid at ho ikkje er kvalifisert til å hjelpe dei, men gjer likevel sitt beste.

– Det eg kan bidra med, er å fortelje korleis det har vore for meg å vere open og snakke om ting – at det gjorde at livet mitt blei mykje betre og fjerna skamma. Så eg oppmodar dei til å snakke med nokon, same kven det er. Det er mykje kraft i å erkjenne at ein har eit problem.

– Lanseringa og det å vinne Amanda for beste dokumentarfilm var stort og gøy. Men det var meir overfladisk. Å turnere med Den kulturelle skulesekken har vore ein skikkeleg «i-magen-opplevelse»!

Stillbilde fra filmen "Røverdatter". Faren til regissør Sofia Haugan hopper inne på et kjøkken.
Stillbilete frå filmen. (Foto: Indie Film)
Sitat: "Jeg er også en røverdatter!" Gjennom filmen får disse jentene en ny identitet. Det har vært sterkt. - Sofia Haugan

Fakta:
«Røverdatter» vant Amanda for årets beste dokumentarfilm i 2018. Sofia turnerte i DKS med filmen i skuleåret 2019/20.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné



Toppbilete: Stillbilete frå «Røverdatter», Sofia med faren Kjell Magne. (Foto: Indie Film)