Fotograf Thomas Winje Øijord med elev.

– Det er givande når vi treffer ein kreativ nerve i fellesskap

Musikar Gisle Haaland og fotograf Thomas Winje Øijord har treft ei elevgruppe som ofte ikkje blir sett i kvardagen, men som responderer med ei openheit dei sjeldan har opplevd.

– Våre beste minne handlar først og framt om elevar som kvir seg for å vere med, som er inneslutta og introverte og som synest det verkar skummelt å skulle eksponere seg gjennom musikk og portrett, men som i løpet av eit par timar blomstrar og involverer seg med fullstendig originale påfunn, energi og store dosar personlegdom!

Tilpassar produksjonen til kvar enkelt

Tomannslaget Gisle og Thomas driv DKS-prosjektet «Eit blikk på kvarandre», ein kunstverkstad som går ut på å lage multimediale gruppeportrett av barn og unge på tilrettelagde avdelingar. Etter at dei utvikla prosjektet i 2013 har dei vore på turné kvart år, frå Finnmark til Sørlandet.

– Gjennom DKS har vi først og fremst treft ei elevgruppe som ofte ikkje blir sett i kvardagen og som evnar å knyte seg til andre menneske med ei openheit vi sjeldan opplever elles, fortel duoen.

Dei jobbar med grupper på inntil seks personar. Portretta består av stop-motion, eigenkomponert musikk, lydlandskap og stillbilete. Dei produserer ein tre minutts video der alt blir sett saman, og avsluttar med ei framvisning på skulen.

Gruppeportrett med elever.
«Eit blikk på kvarandre» går ut på å lage multimediale gruppeportrett. Kvar deltakar skal både portrettere og portretterast med fotografi og lydlandskap.(Foto: etblikk.no)


– DKS-oppdraget handlar for oss om å møte barn med ei lang rekkje utfordringar og å tilpasse produksjonen vår til kvar enkelt gruppe og elev. Det er vanskeleg, men tilsvarande givande og gledesskapande når vi treffer ein kreativ nerve i fellesskap. I oppdrag utanfor DKS er vi ofte meir «på jobb» og speler eller tek bilete utan å vere i ein direkte og kreativ dialog med publikum eller kundar.

Lang rekkje av minneverdige stunder

I løpet av åra i Den kulturelle skolesekken har Gisle og Thomas opplevd mykje. Og dei innrømmer at det ikkje er alt som er positivt med å vere på turné.

– Våre verste minne handlar som regel om mat, spesielt i dei tilfella vi besøkjer mindre stader og blir sitjande og jobbe så lenge på hotellet at alle restaurantar har stengt når vi endeleg har tid til å ete. Slike netter kan bli lange.

– Når det er sagt, så har vi òg hoppa ned frå tak, klatra opp på bilar, fått servert tre-retters middagar som elevar har laga, blitt invitert med på sortering av reinflokkar i rundgjerder ei mørk natt på Finnmarksvidda, fått fabelaktige kort og teikningar, produsert 3D-portrett i Noregs største 3D-skrivar, gått på raud løpar og drukken sjampanjebrus i stettglas under framvisningar.

– Kva skal vi seie? Det er ei lang rekkje av minneverdige augneblink som stadig overraskar oss!

Sitat: Våre beste minner handler om elever som kvier seg for å være med, men som i løpet av et par timer blomstrer og involverer seg. - Gisle Haaland og Thomas Winje Øijord

Les meir om Gisle, Thomas og prosjektet «Eit blikk på kvarandre» på etblikk.no.

Les kva andre utøvarar seier om å vera på DKS-turné

Toppbilde: Gisle og Thomas holder kunstverksted med portrettfotografering (Foto: etblikk.no)