Økonomi

Den kulturelle skulesekken blir finansiert av spelemidlar etter overskotet frå Norsk Tipping.

I 2021 var summen 306,5 millionar kroner. Midlane blir fordelte av Kulturtanken til fylkeskommunane og direktekommunane* etter ein fordelingsnøkkel som tek omsyn til geografi, demografi og infrastruktur.

Tilskotet av tippemidlar skal gå til kunst og kultur i DKS. Fylke og kommunar dekkjer sjølv administrasjon av DKS lokalt, i tillegg til at mange også legg inn ekstra midlar til produksjon. Den samla økonomien i DKS er derfor langt større enn tippemidlane. Alle tilskotsmottakarar må rapportere på bruk av midlane.

*Elleve kommunar fekk i 2022 direkte tilskot av tippemidlar frå Kulturtanken, utanom fordelinga via fylkeskommunane. Dei har då heile ansvaret for administrasjon og programmering av DKS for grunnskulen lokalt, og blir kalla for direktekommunar. I 2022 vart det utarbeidd nye kriterium for direktekommunar.

Honorering

Kunstnarar som utfører arbeid i Den kulturelle skulesekken skal betalast i tråd med bransjestandard, og rettshavarars interesser skal varetakast i samsvar med åndsverkslova. Kulturtanken viser til rammeavtale mellom Kommunenes Sentralforbund (KS) og Forbundet for kunst og kultur (Creo). Det blir føresett at fakturerande kunstnarar som utfører arbeid i Den kulturelle skulesekken skal betalast i tråd med rammeavtalen mellom KS og Creo.

Meir om DKS: