Illustrasjonsbilde: Jefferson Santo/Unsplash

Nye kriterium for direktekommunar

Det er utarbeidd nye kriterium for direktekommunar i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Direktekommune blir brukt som nemning på kommunar har heile ansvaret for administrasjon og programmering av DKS-tilbodet for elevar i grunnskulen og eventuelt barnehagebarn. Det er i dag 11 direktekommunar i DKS.

Etter dei nye kriteria må kommunar som ønskjer å vere direktekommune søkje om dette.  Dette gjeld òg eksisterande direktekommunar.

Les dei nye kriteria her (PDF)

Søknadsfrist

Frist er 1. oktober 2022.

Søknadsbehandling

Kulturtanken skal behandle søknader etter kriterium fastsett av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Berekning av tilskot

Tilskotet til direktekommunane vil bli berekna av Kulturtanken ut frå gjennomsnittleg kronebeløp per elev i den nasjonale fordelinga av spelemidlar til DKS, pluss eit tillegg for utvikling på 12 prosent.

Søknad
Søknad blir send til postmottak@kulturtanken.no

Omslagsark som skal nyttast ved innsending av søknad (PDF)