Nasjonale mål for DKS

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som skal formidle kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge.

Den kulturelle skulesekken skal

  • vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole og skal tilbydast jamleg
  • sikre at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur, slik at dei kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
  • bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
  • formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
  • vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
  • bidra til å styrkje norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
  • bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn


Frå Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Meir om DKS: