Dei vonde tekstane

arrow_back Produksjoner

I ungdomsbøkene sine tek Anders Totland opp alvorlege tema som sjukdom, død og overgrep. Kva er det som gjer at han skrive om så vanskelege tema?

I denne formidlinga tar han utgangspunkt i korleis han jobbar med tunge tema, utan å ha opplevd det han sjølv skriv om, og snakkar om korleis ein kan bygge opp ei historie. Han tek utgangspunkt i arbeidet med "Engel i snøen", "Så lenge ingen ser oss", "Nedteljing" eller "Blindsone", og legg opp til aktiv deltaking frå elevane i samtale og diskusjon. Med ein kombinasjon av alvor og humor opnar han opp for at elevane får ei annleis litteraturoppleving.

Tekst til ukeplan: 

Skulen får besøk av forfattar Anders Totland, som på ein humoristisk måte fortel om kvifor han skriv om vanskeleg tematikk. Besøket er levert av Den kulturelle skolesekken Viken. 

Videohilsen til elevane:

 

 


Varighet

45 minutter

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

30

Oppriggingstid

0 minutter

Nedriggingstid

0 minutter

Arena/rom

Klasserom, Auditorium eller lignende

Antall utøvere

1

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

Dersom det er eit piano i rommet, bruker han gjerne det, og spelar medan han les. Skulen kan sjølv velgje kva bøker dei vil høyre mest om: 

ENGEL I SNØEN

Det er vinter, og det snør, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystalla. Nokon vil ikkje at pappa skal vite at ein har vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk, veldig sjuk. Nokon har snart bursdag. Nokon skal snart døy.

SÅ LENGE INGEN SER OSS

Det er ingen som ser oss her, seier Ole, den nye stefaren til Jon. Jon har hatt ein del av dei. Men Ole er annleis. Han lagar pannekaker, legg frem gymtøy og passar på at det er nok mat i huset til nistepakkar. Han melder seg til og med som trenar for det nye gutefotball-laget i bygda! Og er skikkelig nøye og ordentleg. Han blir til og med med inn i garderoben for å passa på at alle dusjar etter trening. Ja, Ole er verkeleg super. Ein dag spør han om Jon vil vera med på campingtur. Berre dei to! Jon blir flau av glede. Klart han vil!

Det er berre det at Ole ikkje er heilt den same på camping som elles. Og Jon er ikkje den same etterpå. Men kven vil tru på Jon når han til slutt fortel det som må forteljast?

NEDTELJING

Viggo er forelska i kjærasten til bestekameraten. Situasjonen er heilt håplaus, fram til Viggo blir introdusert for konseptet chatroulette. I motsetning til jentene på skulen, er jentene han møter på internett som henta ut av ein våt draum. Men kva skjer når draumen blir til mareritt?

BLINDSONE: 

For Sanne er det berre ein ting som gjeld: kjærasten Henrik. Det er dei to mot verda. Så nærmar russefesten seg, og Sanne blir overraska når Henrik plutseleg vil dra dit. Han har då ikkje vore oppteken av sånn før? Sanne vil ikkje vera klengete, men når ho anar ein sjanse til å bli med på festen og halda eit auge med Henrik, grip ho han. Blindsone skildrar den såre ungdomstida og kor vanskeleg det kan vera å akseptera seg sjølv. Det har blitt ei historie om altoppslukande kjærleik, å mista seg sjølv, og å finna seg att.

For at besøket skal fungere som lesestimulering bør bøkene være tilgjengelig i for- og etterkant.  Undersøk gjerne om Viken fylkesbibliotek har klassesett å låne bort: annelau@viken.no

ANDRE LESEFORSLAG: 

John Green: Faen ta skjebnen (Gyldendal 2013) ; Guro Hoftun Gjestad: Ord på S (Gyldendal 2015) ; Jennifer Niven: Dager med blå himmel (Schibsted 2015) ; Synne Sun Løes: Tilstrekkelig vakkert (Cappelen Damm 2010) ; Kari Saanum: Elefanten i rommet (Omnipax 2013).

Vil ein finna ut meir om forfattaren, kan ein lese meir om han på denne sida:

https://totlanders.wordpress.com/

 

 

 

Arrangert av

Viken fylkeskommune

Produsert av

DKS Viken og Anders Totland 

Utøvere

Anders Totland

Andre medvirkende

Gruppenavn

Anders Totland

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Produksjonen kan bidra til:

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig
Produsent/fagansvarlig

Stig Elvis Furset, tlf: +47 93 46 26 92, e-post: stigfu@bfk.no

Kontaktperson utøver

Anders Totland, tlf: +47 46 29 64 58, e-post: totlanders@gmail.com