Dokumentarfilm om eitt av dei mørkaste kapitla i freds- og likestillingslandet Noreg. Vald av Vestland ungdomsutval.
Kven var dei såkalla «tyskarjentene»? Kva er deira historie, kvifor blei dei internerte etter krigen, kva behandling fekk dei av staten og kvifor er historia om desse kvinnene klausulert i Riksarkivet? Desse spørsmåla er utgangspunktet for dokumentarfilmen «De rettsløse».
Filmen er laga av journalist Lena-Christin Kalle, som etter å ha oppdaga at tusenvis av norske kvinner blei fengsla i interneringsleirar over heile landet etter andre verdskrig, byrja eit fleirårig detektivarbeid for å avdekke overgrepa. Kvifor blei desse kvinnene straffa livet ut for å forelske seg? Om Noreg hadde hamna i ei krigssituasjon i dag, kunne det same ha skjedd igjen?
Opplegget består av visning av filmen og samtale/diskusjon i etterkant, med anten regissør Lena-Christin Kalle eller produsent Elisabeth Kleppe. Problemstillingane knytt til tema og innhald kan vere grunnlag for vidare arbeid i fag som historie, rettslære og religion og etikk. «De rettsløse» er også eit glimrande høve til å jobbe med det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap.
For at elevane skal få mest mogleg utbytte av opplegget, foreslår vi at klassane bruker ein skuletime på førebuingsarbeid. Les meir om dette under «Nyttig informasjon».
Vestland ungdomsutval medverkar i programarbeidet i DKS, og vel ut to produksjonar til DKS-programmet på vgs. «De rettsløse» er eitt av deira val for skuleåret 25/26.
1 timer og 30 minutter
Treng ein teknisk ansvarleg som kan klargjere projektor og lyd. Behov for mikrofon dersom elevgruppa er stor.
Sjå kalendar
10 minutt
5 minutt
Klasserom, Auditorium eller lignande
1
Nei
Ja
Ja
I filmstudiearket som følger med (sjå vedlegg) er det lista nokre forslag til oppgåver knytt til kompetansemål i ei rekke fag.
I forkant av visninga vil utøvarane sende ut eit utval "mugshots"; fangebilete som blei tatt av tyskarjentene då dei blei fengsla og internerte. Mugshots er eit format som dei fleste ungdommar kjenner til gjennom filmar og seriar, men personane på desse bileta er ikkje fiktive. Bileta er sladda, og elevane får ikkje vite kven desse kvinnene er eller kvifor dei er internerte – dei får berre vite cirka når dei er tatt.
Elevane får så i oppgåve å gjette kva lovbrot desse kvinnene har gjort seg skuldige i. Dei kan – anten i ein klassediskusjon eller i mindre grupper – lage ei slags karakterskildring av kvar kvinne. Kven var ho, kor gammal var ho? Kva slags bakgrunn kjem ho frå, kva jobbar ho med, kva tenker ho idet biletet blir tatt? Og viktigast av alt: kva brotsverk har ho gjort?
Forteljingane elevane diktar opp kan vere utgangspunkt for undervisning om historia til norske jenter og kvinner som forelska seg i tyske soldatar under krigen, og kva som skjedde med dei i åra etter krigen var slutt. Kanskje vil elevanes gjettingar vere langt frå sanninga – nettopp fordi denne delen av norsk etterkrigshistorie har vore underkommunisert og underdokumentert. Ved å avdekke dette kan vi også synleggjere viktigheita av at historiene til «taparane» kjem fram.
Fangebileta kan vidare brukast som inngang til ein diskusjon om problemstillingar knytt til kjønnsstereotypiar og heltedyrking i historieforteljinga.
Den enkelte lærar må gjerne tilpasse oppgåvene i filmstudiearket til eige trinn eller eiga elevgruppe, men dei kan vere nyttige for å gi elevane litt bakgrunnsinformasjon om temaet før sjølve filmvisninga.
Målet med førebuingane er å skapa engasjement rundt temaet og sørge for at elevane har noko bakgrunnskunnskap før filmvisning og samtale/diskusjon finn stad.
Vestland fylkeskommune
Elisabeth Kleppe
Lena Kalle
Aldeles AS
Regissør Lena-Christin Kalle er sjølv halvt tysk, med ein far som blei født etter eit kjærleiksforhold mellom ei tysk kvinne og ein amerikansk soldat i Tyskland rett etter krigen. Hennar personlege motivasjon for å nyansere etterkrigshistoria for nye generasjonar kjem frå eigen familiebakgrunn, og ho er den norske journalisten som har avdekt mest offentleg dokumentasjon om kva staten gjorde med jentene og kvinnene. Hennar årelange engasjement for desse kvinnene gjer henne til en glimrande formidlar. Ho har også bakgrunn som lærar, og er spesielt opptatt av å nå ungdommar med denne historia.
Produsent Elisabeth Kleppe har ei mor som opplevde krigen i Finnmark, og vaks opp med forteljingar om unge tyske soldatar stasjonerte i nord, og som gret og lengta heim til mor og far. Desse historiene gjorde henne tidleg bevisst på korleis merkelappane vi set på kvarandre kan bidra til dehumanisering. Elisabeth har vore produsent for filmen sidan 2013, og har eit sterkt engasjement når ho snakkar om den og om Noregs behandling av desse unge jentene og kvinnene.
Arnhild Kannelønning, tlf: +47 48 20 25 34, e-post: arnhild.kannelonning@vlfk.no
Arnhild Kannelønning, tlf: +47 48 20 25 34, e-post: arnhild.kannelonning@vlfk.no
Eskild Sander Halvorsen, tlf: +47 41 06 60 93, e-post: eskild@aldeles.no
Elisabeth Kleppe, tlf: +47 92 24 69 85, e-post: elisabeth@aldeles.no
Lena Kalle, tlf: +47 99 31 46 82, e-post: lenacmedia@gmail.com