Embla and the Karidotters
Moderne country med glimt i auget
Etter 13 år som trommis for indieheltane i Razika kan Embla Karidotter omsider dyrke sin livslange kjærleik til country og americana i sitt eige soloprosjekt: Embla and the Karidotters.
Embla, med den karakteristiske, hese «country-knekken» sin, og stjernegalleriet i The Karidotters blandar det tidlause countryuttrykket med noko rått og friskt. Kanskje dette kjem av at alle i bandet har høgst ulik bakgrunn, frå grupper som Razika, Sløtface, Slomosa, Honningbarna og Aiming for Enrike. Saman får dei rett og slett folk som ikkje likar country til å elske sjangeren.
Embla and the Karidotters vil engasjere barn og unge i ein sjanger dei vil blåse nytt liv i – ein sjanger med ei rik historie og sterke kvinnelege førebilete. Dei oppmodar elevane til å utforske musikken saman med bandet og inviterer til samtale under og etter konserten. Med ein god dose humor tek bandet også opp alvorlege tema som kjærleikssorg, det å være skeiv og det elevane elles måtte ønskje å prate om. Eller kanskje vil nokon spele med bandet?
Embla and the Karidotters vann Spellemannprisen i country for debutalbumet «Hello, I’m Embla» (2022), og hausten 2024 kom oppfølgjaren "Off Leash" som også vart nominert til Spellemannprisen i same kategori.
Vel møtt til eit inspirerande musikalsk møte med Embla og Karidøtrene!
Nyttig informasjon
keyboard_arrow_downVarigheit
45 minutter
Trong for berehjelp eller anna lokal hjelp
4stk større barn eller 2stk voksne.
Stad
Sjå kalendar
Tid opprigg
90 minutt
Tid nedrigg
45 minutt
Arena/rom
Gymsal, Auditorium, Aula eller lignande
Antall utøvarar
6
Treng scene
Ja
Treng blending
Ja
Treng el-uttak
Ja
Ynskjer til lokal arena
- Det er fint om kulturkontakten eller nokre elevar tek i mot musikarane når dei kjem til skulen eller konsertstaden.
- Musikarane har med seg ein del utstyr og har behov for 3-4 sterke elevar som kan hjelpe med å bere inn dette.
- Det er behov for ca. 45 min til opprigg.
- Det er alltid stas med kaffi og vatn til musikarane.
- Dersom nokon av elevane vil introdusere konserten er det fint om dei avtalar dette med musikarane på førehand.
Utøvarar og produsentar
keyboard_arrow_downArrangert av
Vestland fylkeskommune
Produsert av
Vestland fylkeskommune
Utøvarar
Embla Karidotter
Andre medverkande
Camilla Christensen: koordinator og produksjon
Gruppenamn
Embla and the Karidotters
Idé/opplegg
Embla and the Karidotters
Om kunstnar / utøvar / gruppe
Embla sin karakteristiske, hese countryknekk i tett samspel med stjernegalleriet i The Karidotters, blandar det tidlause countryuttrykket med noko rått og friskt. Kanskje dette kjem av at alle i bandet har høgst ulik bakgrunn, frå grupper som Razika, Sløtface, Slomosa eller Aiming for Enrike. Saman får dei folk som ikkje likar country til å elske sjangeren.
I april 2023 spelte dei på den største countryfestivalen i verda, Stagecoach i California, der dei vart handplukka av americana-stjerna Nikki Lane. Sommaren 2023 sjarmerte dei publikum på ma. Bergenfest, Vinjerock, Norsk Countrytreff, Den Forvitnelege Countryfestivalen og Øya.
I 2022 kom bandet sitt kritikerrosa debutalbum «Hello, I’m Embla», som også fekk Spellemannprisen. Albumet handlar om å vere på leiting etter å høyre til, finne sin identitet og ikkje minst kjærleik. Bergens Tidende hylla dette albumet og omtalte bandet som «et av de fineste, norske countrybandene på lenge». Dette er varm, nær og kjær country for alle.
Seinare har ho gjeve ut singlane "Bad Influence" og "(I'll Never Love You) Like I Should" som har vore mykje spelt på NRK radio. Det siste albumet deira, "Off Leash" vart også nominert til Spellemannsprisen i kategorien country.
Kopling til læreplanverket
keyboard_arrow_downProduksjonen kan bidra til:
- å demonstrere at kulturelle opplevelser har en egenverdi, og elevene skal få oppleve et variert spekter av kulturuttrykk gjennom sin tid i skolen. ( 1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang )
- å fremme holdninger som ivaretar likestilling i samfunnet ( 1.1 Menneskeverdet )
- å gi innsikt i vår historie og kultur. Denne innsikten er viktig for utvikling av elevenes identitet og skaper tilhørighet til samfunnet. ( 1.2 Identitet og kulturelt mangfold )
- å gi møter med ulike kulturuttrykk og tradisjoner. Disse erfaringene bidrar til å forme elevenes identitet. Et godt samfunn er tuftet på et inkluderende og mangfoldig fellesskap. ( 1.2 Identitet og kulturelt mangfold )
Kontakt
keyboard_arrow_downKontaktperson i Den kulturelle skulesekken
Øyvind Lyslo, tlf: +47 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@vlfk.no
Øyvind Lyslo, tlf: +47 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@vlfk.no
Kontaktperson utøvar
Camilla Christensen, tlf: +47 92 20 54 97, e-post: camilla@standingovation.no
Følg oss på
Uttrykksform
Målgruppe
VG1. – VG3. trinn
Turnéplan
Varigheit
45 minutt
Stad
Sjå kalendar
Skuleår
2025/2026
Arrangert av
Vestland fylkeskommune
