To hundre og sekstini dagar

arrow_back Produksjonar

Velkomen inn i ei biletbok! 

I denne framsyninga vil forfattar Roald Kaldestad og musikar Roy Ole Førland formidle To hundre og sekstini dagar med bilete og musikk. Boka handlar om venskapet mellom ein gut og ei jente, og tankane til guten når jenta flytter. Korleis er det å sakne sin beste ven? Og gjennom heile boka regnar det...  

Biletboka To hundre og sekstini dagar er ei vakker og poetisk framsyning til refleksjon og ettertanke. Bjørn Rune Lie sine illustrasjonar vert vist på storskjerm, og det blir opplesing, musikk og lydkulissar. Ei slags live lydbok, med andre ord.  


Varigheit

45 minutter

Trong for berehjelp eller anna lokal hjelp

Berehjelp er kjekt. Gjerne fire elevar

Stad

Sjå kalendar

Tid opprigg

30 minutt

Tid nedrigg

30 minutt

Arena/rom

Klasserom, Gymsal, Auditorium eller lignande

Tal på utøvarar

2

Treng scene

Nei

Treng blending

Ja

Treng el-uttak

Ja

Ynskjer til lokal arena

Det er ønska at skolen har skjerm og projektor i lokalet, eventuelt Smartboard. Utøvarane har med hdmi-kabel til å kople seg på.

Førebuing:

Førebu elevane på kva dei skal vere med på, de gir ei betre oppleving. 

Om utøvarane:

Roald Kaldestad er forfattar og musikar. Han har spela mykje med Sigrid Moldestad, Odd Nordstoga og  Magnet,  i tillegg til nitten års fartstid i Storm Weather Shanty Choir. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 Polkagrisen. Dei to første går stadig som høyrespel på NRK Super. I 2006 kom biletboka Englefjell, som er laga saman med Øyvind Torseter, og i 2010, Heavykatten og gitaren.

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Han jobbar som musikar, musikklærar og komponist i Bergen, samt på Barnas Kulturhus i Bergen. Førland har dei siste åra jobba mykje med musikk til lyrikk. Han spelar med Lindy Faye-Hella, Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk og har brei erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane HeavykattenHaikutronicsTimeFrå Hauge til haikuHar du hørt det? og Hei Kalas!

Arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Produsert av

Utøvarar

Roy Ole Førland

Roald Kaldestad

Andre medverkande

Gruppenamn

Idé/opplegg

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Produksjonen kan bidra til:

Kontaktperson i Den kulturelle skulesekken

Ansvarleg planleggjar/turnéansvarleg

Lene E Torgersen Mordal, tlf: +47 48 29 68 53, e-post: lene.mordal@mrfylke.no

Produsent/fagansvarleg

Kontaktperson utøvar

Roald Kaldestad, tlf: +47 95 46 07 49, e-post: kaldestad@hotmail.com