Flaggermusen

arrow_back Produksjoner

Bli kjent med operasjangeren generelt, og operetten Flaggermusen spesielt! To operapedagogar reiser rundt til vidaregåande skular i Bergen og held to timars kurs. Deretter får elevane kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven i Grieghallen 07. mars 2024 kl 1100.

Dei to operapedagogane frå Bergen Nasjonale Opera vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operetten Flaggermusen, pluss la elevane bli litt betre kjende med den austerriske komponisten Johann Strauss d.y. og samtida hans. Musikken er som i originalen, men plottet er heilt nyskrive av tv-manus-forfattaren Adam Price, som har flytta handlinga frå Wien til Oslo og Bergen.


Varighet

1 timer og 45 minutter (105)

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

30

Oppriggingstid

15 minutter

Nedriggingstid

10 minutter

Arena/rom

Klasserom eller lignende

Antall utøvere

2

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Ja

Ønsker til lokal arena

Til første del: Eit vanleg undervisningsrom går fint. Eit stort musikkrom er supert. Det må vere prosjektor og lydanlegg til powerpoint-presentasjonen.

Den danske manusforfattaren Adam Price (m.a. kjend for TV-seriane Ragnarok og Borgen, og for den nye versjonen av Den glade enke her i Bergen våren 2022) skal leggje handlinga til Bergen og Oslo, med eit humoristisk skråblikk på bergensk patriotisme og den meir eller mindre alvorlege maktkampen mellom Oslo og Bergen. Her blir publikum utfordra på tema som identitet, mangfald, satire og kritisk tenking.

Heile teksten blir skreddarskydd for Bergen, og både songen og dialogen skal vere på norsk.

Tilbodet i "Prosjekt Opera" er i to deler: Først eit to timars kurs som gir ei innføring i opera- og operettesjangeren for elevane, pluss at dei blir utfordra på  temaa som blir nemde over. Og deretter nokre dagar/veker seinare: Heile generalprøva på vårens store operette i Grieghallen: Flaggermusen!

1) Inspirasjonskurset på skulen: To operapedagoger frå Bergen Nasjonale Opera kjem på besøk til skulen og møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elever per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs på same skule pr. dag.

Operapedagogane våre pr i dag er to unge songarar, begge frå Bergen, som begge kombinerer pedagogisk arbeid med å vere utøvande kunstnarar. Dei to erfarne operapedagogane vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operetten Flaggermusen, og la elevane bli betre kjend med komponisten Johann Strauss d. y. (1825-1899) og samtida hans. I løpet av dette inspirasjonskurset vil elevene også bli aktiviserte med nokre praktiske utfordringar.

Kurset vert gjennomført i løpet av to veker med 20 ulike kurs á ca. 30 elevar. Det tyder at rundt rekna 600 elevar i den vidaregåande skulen kan kome til Grieghallen for å oppleve denne operetten.

2) Generalprøve på Flaggermusen i Grieghallen: Med introduksjonskurset som grunnlag får elevane oppleve heile generalprøven på operetten Flaggermusen i Bergens storstove, Grieghallen, torsdag 7. mars 2024 kl 11:00 - ca 14.00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet. Flaggermusen varer omlag i 3 timar, inkludert 30 minutt pause.

Målsetjingar for "Prosjekt Opera" (generelt)

–  Å gje elevane ei innføring i opera og operette som sjanger og førebu dei til å oppleve framsyninga i Grieghallen. Denne unike kunstformen kombinerer musikk, song, teater, kostymer, scenografi osb. i eitt fantastisk samspel – som elevane får oppleve på nært hald.

– Å gje elevane eit utgangspunkt for å diskutere einskilde allmennmenneskelege tema (som td. identitet og mangfald) som dei får møte i operetten.

– Å gjere elevane nysgjerrige, slik at dei skal få lyst til å besøkje andre operaframsyningar i framtida.

– Å sjå at kulturfeltet kan vere ein aktuell og attraktiv arbeidsplass for dei når dei blir vaksne, og inspirere til å velje studiar innan kultur og kunst.

Vi vil at barn og unge skal oppleve at opera (og operette) er ei levande kunstform som også vedkjem dei. Vi trur at aktiv deltaking er den beste måten å bli kjend med opera på. Difor inviterer vi barn og unge til å delta i skapande prosessar saman med operapedagogane våre. Operaopplevinga vil også kunne inspirere til interessante opplegg i etterkant, f.eks. i fag som musikk, språk, historie og litteratur. 

Arrangert av

Vestland fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Stian Økland

Martina Starr-Lassen

Andre medvirkende

Gruppenavn

Bergen Nasjonale Opera

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Øyvind Lyslo, tlf: +47 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@vlfk.no

Produsent/fagansvarlig

Øyvind Lyslo, tlf: +47 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@vlfk.no

Kontaktperson utøver

Møyfrid Engeset, tlf: +47 45 22 45 11, e-post: moyfrid@bno.no

Olaf Mackenzie, tlf: +47 97 10 26 70, e-post: olaf@bno.no

Stian Økland, tlf: +47 92 68 66 30, e-post: stian.okland@gmail.com

Martina Starr-Lassen, tlf: +47 97 18 05 90, e-post: mstarrlassen@yahoo.no