Lemen - fjellets hjerte (2023/24)

Eit forfattar- og illustratørmøte om forskartrong, miljømedvit og kjærleik til naturen!

arrow_back Produksjoner

Produksjonen «Lemen - fjellets hjerte» er for 1.-4. klasse og bygger på sakprosaboka med same navn. I møtet med elevane fortel Inger Lise Belsvik om denne viktige nøkkelarten som nokre år yrer rundt i fjellet i milliontal, andre år mest ikkje er tilstades. Miljøendringar forstyrrer den taktfaste lemensyklusen og elevane får høyre om dyr og planter som nå slit for å overleve. Belsvik tek for for seg nokre av artane som bare startar familie under gode lemenår. Ho har store kapaplater med illustrasjonane påtrykka. Bilda syner både lemen-år og dei ulike dyra og fuglane som held til på høgfjellet. Denne boka er og oversett til nord- og sørsamisk.

Skuleåret 2023/2024 er det 1.-4. trinn i kommunane Sunnfjord og deler av Gloppen som får besøk av Inger Lise Belsvik.


Varighet

45 minutter

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Nei

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

30

Oppriggingstid

15 minutter

Nedriggingstid

15 minutter

Arena/rom

Klasserom eller lignende

Antall utøvere

1

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

At elevane sit samla rett framfor Inger Lise, på benkar, på puter el.l.

Eit forfattar- og illustratørmøte om forskartrong, miljømedvit og kjærleik til naturen!

Iført turutstyr kjem Inger Lise traskande inn i klasserommet medan fjellstormen durer i høgttalaren. I lomma har ho eit lite dyr. Eit sint lite dyr, med oransje og svart pels, korte føter og skarpe framtenner. AU! Lemenet viser seg å vere av garn, for ein kan jo ikkje flytte eit lemen ned frå høgfjellet og inn i klasserommet?

Slik startar formidlinga, kor ho fortel om denne viktige nøkkelarten som nokre år yrer rundt i fjellet, andre år mest ikkje er tilstades. Med seg har ho store kapaplater med illustrasjonane påtrykka. Bilda syner både lemen-år og dei ulike dyra og fuglane som held til på høgfjellet. 

Elevane og Inger Lise pratar saman om korleis lemenet lever og korleis rovfuglar og -dyr jaktar på dei, både over og under snøen. Tildels speler ho roller som desse dyra, der dei listar seg rundt på lur. Dei er alle heilt avhengige av den vesle, sinte gnagaren for å fostre opp sine eigne ungar.

Men miljøendringar forstyrrer den taktfaste lemensyklusen og elevane får høyre om dyr og planter som nå slit for å overleve. Skal fjellet bli heilt tomt for liv? Saman drøfter dei kva som må gjerast for å retta opp økosystemet i høgfjellet. Noko kan ungane sjølv gjere.

Boka "lemen - fjellets hjerte" er skriven av Nina E. Eide og Inger Lise Belsvik. Inger Lise har i tillegg illustrert boka. Boka er innlemma i FN sitt bærekraftsbibliotek, under kategorien LIVET PÅ LAND.

Heilt til slutt deler Inger Lise kvar si lemen-maske som elevane kan fargelegge og montere som ev. etterarbeid. Dei kan velgje mellom blidt og sint lemenfjes!

Til etterbruk ligg det ulike saker i lærarvegleiinga: bruksanvisning til korleis ein kan lage seg eit garnnøste-lemen og korleis teikne eit lemen. Det blir og lagt ved info/oppgåver frå Bærekraftsbiblioteket.

Arrangert av

Vestland fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Guro Høyvik

Inger Lise Belsvik

Andre medvirkende

Inger Lise Belsvik

Gruppenavn

Inger Lise Belsvik

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Inger Lise Belsvik har illustrasjonsutdanning frå Kingston University, England og frå Kunsthøgskulen i Oslo. Ho har óg gått på forfattarutdanninga på Norsk barnebokinstitutt. Inger Lise har illustrert over 40 barnebøker, særleg bildebøker, diktsamlinger og fagbøker. Med bildeboka ”Spring, hesten, spring!” frå 2010, debuterte ho som forfattar.

Inger Lise har formidla litteratur og illustrasjon så lenge ho har arbeidd som illustratør. Gjennom Den kulturelle skolesekken og på diverse høgskular har ho halde foredrag og verkstadar for barn og vaksne

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Solfrid Bygstad, tlf: +47 90 56 29 99, e-post: solfrid.nilsen.bygstad@vlfk.no

Produsent/fagansvarlig

Kari Vik, tlf: +47 48 99 52 64, e-post: kari.vik@vlfk.no

Kontaktperson utøver

Inger Lise Belsvik, tlf: +47 41 50 17 26, e-post: ilb@ingerlisebelsvik.no