Stopp, flytt – skap noko nytt! - Påmeldingsverksted
Utforsk animasjonsfilm og figurteater i kombinasjon
I dagsverkstaden «Stopp, flytt - skap noko nytt!” får elevane utforske animasjonsfilm, figurteater og lyddesign i kombinasjon. Alle lagar komplette teaterfigurar og animasjonsfilmar i løpet av ein dag. Nokre av elevane får også lage lydeffektar.
På slutten av verkstaden, vil alt kome saman i ein spesiallaga scenografi med flater prosjekonsflatar. Elevanes animasjonfilmar projiserast på flatene, og det er også inne i denne spesielle scenografien elevane skal manipulere figurane sine.
- Vi vil gi eit blikk inn i både kontrastane og likskapen i dei to kunstformene. Eit av måla til denne eksperimenterande og nyskapande verkstaden er å oppdage nye teknikkar innan forteljarkunsten.
Det handlar mykje om at barna jobbar fysisk og konkret med omgrepet «tid» på skjerm og i røyndomen. Både ved å lage dei konkrete figurane/ filmane, og så ved å sette dei saman etterpå. Kva resultatet blir, er det ingen som kan seie på førehand. Men at det blir både planlagt og spontant - og eksperimenterande – er iallfall sikkert!
Både figurteater og animasjonsfilm er avhengig av manipulasjon for å skape liv og sjel i figurar. Ein teaterfigur kjem til live i handa - direkte. Den er i direkte kontakt med her og no, - ting kan skje plutseleg og spontant. Den er i kontakt med det levande livet. Animasjon skapar illusjon av rørsle gjennom ein bilde for bilde teknikk.
Nyttig informasjon
keyboard_arrow_downVarighet
4 time(r) (Ein skuledag)
Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp
Nei
Sted
Se kalender
Oppriggingstid
90 minutter
Nedriggingstid
60 minutter
Arena/rom
Klasserom eller lignende
Antall utøvere
3
Trenger scene
Nei
Trenger blending
Ja
Trenger el-uttak
Ja
Ønsker til lokal arena
Vi treng to klasserom, det eine treng blending. Gjerne eitt av romma litt større.
Verkstaden er godt utprøvd og utøvarane erfarne. Dei legg opp dagen i samarbeid med skulen.
Utøvere og produsenter
keyboard_arrow_downArrangert av
Oslo kommune
Produsert av
Elin Grimstad og Ilona Buraka
Utøvere
Ingebjør Westgaard
Elin Grimstad
Ilona Buraka
Anthony Barratt
Andre medvirkende
Gruppenavn
Elin Grimstad/ Ilona Buraka
Idé/opplegg
Grimstad/Buraka
Om kunstner / utøver / gruppe
Vi er tre profesjonelle kunstnarar på kvart vårt felt, Elin Grimstad er stop-motion animasjonsfilmskapar og barnebok forfattar, Ilona Buraka er figurspiller og dukkemakar,
Anthony Barratt er lyd og bilde kunstnar og komponist. Vi har alle rik og lang erfaring i å formidle og halde verkstader for barn og unge, både med film, figurteater og lydkunst - og kan vise til spennande og kreative resultat frå mange års prosjekt og turnear. No har vi kombinert våre erfaringar og kunstfelt, ved å skape eit unikt kursopplegg for barn og unge.
Kontakt
keyboard_arrow_downKontaktperson i Den kulturelle skolesekken
Ingebjør Westgaard, tlf: +47 96 09 18 31, e-post: ingebjor.westgaard@osloskolen.no
Ingebjør Westgaard, tlf: +47 96 09 18 31, e-post: ingebjor.westgaard@osloskolen.no
Kontaktperson utøver
Elin Grimstad, tlf: +47 93 41 69 39, e-post: grimfilm@gmail.com
Ilona Buraka, tlf: +47 40 04 79 22, e-post: ilona.buraka@gmail.com
Følg oss på
Uttrykksform
Målgruppe
4. – 6. trinn
Turnéplan
Varighet
240 minutter
Ein skuledag
Sted
Se kalender
Skoleår
2025/2026
Arrangert av
Oslo kommune
