Silhuetten av to kvinner gjennom et sceneteppe.
Fra "Kaya + Kosmos" med Tilta Teater.

Nye honorarsatsar for Den kulturelle skulesekken

KS og Creo har etter forhandlingar blitt samde om auka honorarsatsar i«Rammeavtale om vilkår for oppdragstakere i Den kulturelle skolesekken». Avtalen er elles ikkje endra.

Rammeavtalen er ikkje ein tariffavtale, og må derfor vedtakast av kvar enkelt fylkeskommune og direktekommune som er tilknytta DKS. Dersom avtalen blir vedteken, gjeld han for perioden 1. august 2022 til 31. juli 2023. KS tilrår medlemmene å vedta avtalen.

Rammeavtalen:

  • Rammeavtalen er inngått med eitt års varigheit, for perioden 01.08.2022 – 31.07.2023.
  • Frå 1.8.2022 er honorara auka med 3,7 prosent, som er i samsvar med den anslåtte frontfagsramma.

Nye satsar frå 1.8.2022

  • Honorar for formidlingsdagar: minst kr 5342
  • Honorar for møte og forarbeid/preproduksjon avtalt med oppdragsgivar: kr 743

Kunstnarar som utfører arbeid i Den kulturelle skulesekken skal betalast i tråd med bransjestandard, og rettshavarars interesser skal varetakast i samsvar med Åndsverkloven. Det blir føresett at fakturerande kunstnarar som utfører arbeid i DKS skal betalast i tråd med rammeavtalen mellom KS og Creo.

Les meir og sjå rammeavtalen på creokultur.no og på ks.no.