Meir midlar til Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som skal formidle kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge. Alle elevane i grunnskolen og videregåande skole skal få eit gratis tilbod som tilbydast jamnleg

Abid Raja - portrett
Kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet.

– Den kulturelle skulesekken er heilt avgjerande for at alle barn og unge skal få oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Regjeringa har i Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele presentert ei rekkje tiltak for å styrke kunst- og kulturtilbodet til barn og unge.

– Dette er verkeleg gode nyheiter! I dialogen vår med fylkeskommunar og kommunar har vi fått tydelege tilbakemeldingar om at det er betydeleg press på ordninga som følgje av auka kostnader utan tilsvarande auke i budsjettrammene. Dette har vi vidareformidla til Kulturdepartementet og vi er veldig fornøgde med at det er vilje til å prioritera ein auke i løyvingane til denne viktige ordninga, seier leiar av Kulturtanken, Øystein Strand.

Vi er veldig fornøgde med at det er vilje til å prioritera ein auke i løyvingane til denne viktige ordninga.

Øystein Strand

Den kulturelle skulesekken er eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Spelemidlane blir fordelte til fylkeskommunane og kommunane som har ansvaret for ordninga lokalt og regionalt.

Fylkeskommunane vil òg få tildelt 4 mill. kronar frå statsbudsjettet i 2021 for å styrkje innhaldet i ordninga.

 Spelemidlane til Den kulturelle skulesekken har auka med nærmare 100 millionar kroner sidan 2016.
Fordelinga i 2020 var på 285 millionar kroner.