Dame på krykke foran klær som henger til tørk
Foto: Knut Åserud

Programmet for 2025/2026 er no klart!

Programmet for den kulturelle skolesekken er endeleg klart!

Det inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir hemmelege agentar, songar om ting som blir borte, dans, leselyst, surrealistiske opplevingar, bergkunst, fantastiske filmar og heftige rytmar.

I tillegger er vi glade for å kunne innfri dei fleste av bestillingane til verkstader. Her vil elevane få utfalde seg saman med kunstnarar, både gjennom dans, nysirkus, dataspel,  improteater, levande teikningar og mykje meir.

Det vil gi ALLE elevane i Møre og Romsdal varierte, spennande og interessante møter med profesjonell kunst og kultur i skolen. Det er eit mangfaldig program som vil inspirere, utfordre og engasjere.

Vi oppmodal alle skolar til å førebu elevane på kva som kjem i løpet av året, då vil opplevingane bli enda betre. I mange av produksjonsskildringane ligg det gode tips til førebuing og etterarbeid. Alle produksjonane er no kobla til læreplanane.

Leselyst

DKS Møre og Romsdal fekk i år midlar til å styrke leselyst. Pengane er øyremerka midlar og dei blir brukt til forfattarbesøk til alle på 5.-7. trinn i heile fylket. Så i år vil alle på mellomtrinn få eit ekstra tilbod innan litteratur.

Klikk her for å finne produksjonar som skal til din skole.

Takk for eit godt samarbeid gjennom året og vi ønsker alle ein god sommar.