Kulturkontakt

Illustrasjonsbilde. Lærer med elever foran en datamaskin.
Illustrasjonsbilde. Kulturkontakten har ein viktig oppgåve med å førebu elevane på besøk frå DKS.

Kulturkontakten

Kulturkontakten på skolen er den viktigaste brikken for at Den kulturelle skolesekken skal kunne skape positive opplevingar for både elevar og lærarar. Samspel og informasjonsflyt er nøkkelord for dette arbeidet, og er avgjerande for kor vellukka innhaldet i Den kulturelle skolesekken blir. Takk for at du har tatt på deg oppdraget.

Kulturkontakten sine oppgåver: 

  • Vere hovudkontakt for skolen sitt DKS-tilbod. 
  • Halde seg oppdatert om tilbodet frå DKS Møre og Romsdal.
  • Informere elevar og kollegaer om tilboda som kjem, slik at dei er førebudde.  
  • Samarbeide med elevarrangørar, om aktuelt, og fordele oppgåver. 
  • Sjå til at alt det praktiske er i orden før besøket (til døme, lokale, buss, teknisk).
  • Sjå til at utøvarane blir teke godt imot når dei kjem. 
  • Presentere kunstnarane for elevane.
  • Oppdatere elevtal, timeplanar, og skolen sin kontaktperson i skoleportalen. Sjå også til at teknisk informasjon om spelelokale stemmer, og legg til nye spelelokale, om aktuelt.

Noen tips:

  • Leggje dato og tid for besøk inn i skulen sine planar. 
  • La elevar gjerne vere kulturverter/elevarrangørar.
  • Gi god informasjon til lærarar og elevar. Lag gjerne lett tilgjengeleg informasjon på oppslagstavler, lærarrom og/eller på nett.
  • Hugs krav om universell utforming når de vel lokale. Alle skal ha tilgang til lokalet og det skal vere tilrettelagt for alle når det gjeld lys og lyd.

Verktøyark – ei rettleiing for kulturkontaktar.

Ressursside for lærarar og kulturkontaktar

Lykke til med besøket!