Er du utøvar?

Informasjon for deg som reiser eller skal reise i Møre og Romsdal

Bilde av skuespillerne i Feil teater fra forestillingen Alice i eventyrland
Illustrasjonsbilde fra forestillingen Alice i eventyrland. Foto: Feil teater

Har du ein produksjon du ønskjer å vise i Den kulturelle skolesekken Møre og Romsdal?

Innmelding for nye produksjoner for skoleåret 2023/2024 er no open. Frist for innmelding 2023/2024 er 1.oktober 2022. Innmelding av produksjonar gjerast via DKS-portalen. Logg inn her.

Har du eit spennande prosjekt på gang? Ta kontakt med oss.

Du finn ei oversikt under “kontakt oss”.  

Er du på reise eller skal reise på turné i Møre og Romsdal?

Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer rammeavtalen inngått av KS og CREO – forbundet for kunst og kultur. Det vil sei at det kun er mogleg å ha arbeidsforhold som oppdragstakar (sjølvstendig næringsdrivande), eller vere hyra gjennom ein institusjon. Dei same prinsippa for honorering bør òg gjelde som retningslinjer for kommunane sitt lokale arbeid med Den kulturelle skulesekken. Det er nye honorarsatsar for oppdragstakarar i Den kulturelle skolesekken.

Oppdragstaker honoreres med minst kr. 5.342 per formidlingsdag.

Møter og prøver/preproduksjonsarbeid med oppdragsgiver honoreres med kr. 743 per time for faktisk medgått tid.

De nye honorarsatsene gjelder fra 1. august 2022

Les rammeavtalen her.

REISEDAGAR – REISE TIL OG HEIMREISE

Det blir ikkje utbetalt honorar for reisedagar i forkant av turné (innreise), berre for dagar midt i ein turné (vekedag) som heilt eller delvis må tilbringes på reise eller på hotell.

Unntak: Innreise der utøvar sjølv lastar og fraktar alt av teknisk utstyr til turnéen, der reisetid overstiger 7 timer i forkant av turnéen. Dette må avtalast med arrangør på førehand. Heimreise: Det blir ikkje gitt ekstra honorar for lang heimreise.

Turnére åleine: På turnéer der utøvar reiser og speler/formidlar åleine, jf. pkt. 12, underpunkt 1 og 2, skal utøvar ha eit tillegg i honoraret, jf. pkt. 4, på 20 %. Dette gjeld kunstuttrykka scenekunst, konsert og dans.

Helg: Om utøvar sjølv vel å ikkje dra heim i helga midt i ein turné dekkes berre overnatting.