Bilde fra forestillingen Slaget om skolegården. To personer som jubler med henda i været.
Foto: Thomas Gallagher

Satsar, løn og faktura

DKS Møre og Romsdal har følgande prissetting ved avtale om oppdrag:

  1. Honorarbasert pris: det er rammeavtalen fremforhandla av KS og Creo som gjeld.
  2. Pakkepris: Som til dømes Scenekunstbruket sine priser
  3. Institusjonspris: Eigne avtalar med kulturinstitusjonar

Honorarbasert pris frå 1. august 2024

  • Dagsats næringsdrivande: 5913 kroner
  • Honorar for møter og forarbeid/preproduksjon: 823 kroner per time

Om reisedagar – reise til og heimreise

Det blir ikkje utbetalt honorar for reisedagar i forkant av turné (innreise), berre for dagar midt i ein turné (vekedag) som heilt eller delvis må tilbringes på reise eller på hotell.

Unntak: Innreise der utøvar sjølv lastar og fraktar alt av teknisk utstyr til turnéen, der reisetid overstiger 7 timer i forkant av turnéen. Dette må avtalast med arrangør på førehand. Gjeld for maksimalt to sjåførar. Heimreise: Det blir ikkje gitt ekstra honorar for lang heimreise.

Turnére åleine: På turnéer der utøvar reiser og speler/formidlar åleine, jf. pkt. 12, underpunkt 1 og 2, skal utøvar ha eit tillegg i honoraret, jf. pkt. 4, på 20 %. Dette gjeld kunstuttrykka scenekunst, konsert og dans.

Helg: Om utøvar sjølv vel å ikkje dra heim i helga midt i ein turné dekkes berre overnatting.

Sende faktura til DKS Møre og Romsdal

Faktura skal sendast som EHF-format. Faktura skal sendast etter at oppdrag er gjennomført.

Fakturaadresse

Møre og Romsdal fylkeskommune
Postboks 2501
6404 Molde

EHF-nummer: 944 183 779

Slik fyller du ut EHF

  • Fakturaer skal vere merka med referansenummer 50000 i feltet «Dykkar referanse». 
  • I fritekstfeltet skriv du DKS, “tittel på produksjon” og namn til kontaktperson i DKS
  • Vedlegg må leggast ved som PDF
  • Dersom fakturareferanse ikkje er oppgitt på fakturaen, vil du få ein e-post kor du blir bedt om gå inn på ei nettside og legge inn korrekt referanse. Dette må du gjere før fakturaen kan bli behandla hos oss.