Kva er Den kulturelle skolesekken?
Den kulturelle skolesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skoleelevar i Norge får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Den kulturelle skolesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Kulturtanken har det nasjonale ansvaret og forvaltar statlege midlar til ordninga.
Den kulturelle skolesekken skal medverke til at alle elevar i skolen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Gjennom ordninga skal elevane få moglegheit til å gjere seg kjent med og utvikle ei forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal vere av høg kvalitet og vise heile bredda av kulturuttrykk. Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representert i Den kulturelle skolesekken.
Den kulturelle skolesekken har vore ein del av regjeringa si kulturpolitiske satsing for grunnskolen sidan 2001, og har seinare vorte utvida til vidaregåande skole. Det betyr at alle elevar frå 6 til 19 år er med i ordninga.