Læraren si rolle i DKS

DKS + lærar = drømmekunstmøte

Læraren er kjempeviktig for at DKS-besøket skal bli ei skikkeleg god oppleving for elevane. For at elevane skal få mest mogleg ut av besøket er det viktig at du som lærar både viser engasjement og førebur elevane på det som kjem.

Læraren er viktig for at eleven skal oppleve kunstmøtet som relevant. Gjennom å førebu deg sjølv og elevane, og ved å arbeide med opplevinga i føre- og etterkant, kan du som lærar hjelpe elevane til å sjå samanhengar med dei andre læringsaktivitetane ved skulen, tolke og evaluere opplevinga.

Nokre gonger, skal det berre litt til for å gjere det til eit godt besøk, endå betre.

Førebuing

Tre på topp for eit godt møte mellom kunstnar og elev, og for å oppleve tilbodet som meir relevant:

  1. Førebu deg sjølv og elevane dine. Be skulen sin kulturkontakt om informasjon, og snakk med elevane om besøket på førehand.
  2. Knytt besøket inn i plan for veka og til mål i læreplanen, gjerne til overordna del.
  3. Gi utøvarane ein varm velkomst.

Sjekk ut ressurssida dkskommer.no for lærarar og skoleleiarar for tips, verktøy og inspirasjon.

Spørsmål?

Ta kontakt med oss om du har spørsmål om ein produksjon som kjem til din klasse. Vi er her for at dine elevar skal få eit godt kunstmøte.