Handbok for utøvarar
Førebuing til turné – ta kontakt med skolane
Ta kontakt med skolane ei til to veker før besøket. Oppfordre kulturkontakt til å lese om produksjonen og førebu elevane på kva dei skal få oppleve.
Gå gjerne gjennom det praktiske med skolen som for eksempel, kor du skal parkere, kven som møter deg/dere og avtale med kontaktperson.
Gå gjennom dei praktiske førebuingane med skolen før besøket.
- Få stadfesting på tidspunkt, tal på elevar og kva for rom som skal brukast
- Avklar om kven som skal vere kontaktperson for deg under besøket
- Avtal eventuell berehjelp
Ring gjerne lærarar på slutten av skoledagen, då dei gjerne er opptatt i undervisning elles. Send også e-post, men alle utøvarar skal ha hatt ein samtale før turnéstart.
På dagen – snakk med lærarane
Det er viktig å avklare på førehand kva for rolle læraren skal ha under formidlinga. Det kan vere om lærar skal handtere uro, eller om de vil gjere sjølv, eller om elevane skal delta aktivt eller ikkje.
Det bør du ta opp i samtalen på førehand, slik at kulturkontakten kan informere dei andre lærarane i tide.
Det er viktig å la lærar få vite kva for rolle han/hun skal ha.
Etter gjennomføring – utbetaling
Faktura sendast etter gjennomføring av turné. Les meir om fakturering her: https://www.denkulturelleskolesekken.no/more-og-romsdal/satsar-lon-og-faktura/
Før gjennomføring av turne
Alle utøvarar vil bli kontakta av turnéansvarleg rundt 6 veker før turné for å skrive kontrakt, avtale reise, bestillingar av hotell, fly og leigebil, eventuelt teknisk utstyr med meir. Det er viktig å få raske og gode tilbakemeldingar, slik at alt ligg til rette for ein god start.
Turnéansvarleg sender også ut informasjon til skolane om de snart kjem på besøk. Gi oss beskjed om det er noko informasjon som bør vere med der.
Utøvar må sørge for at info og materiell vi har er oppdatert og riktig. Les derfor gjerne om det som står om dykkar produksjon på våre sidar og gjer oss merksam på om det er behov for nokre endringar.
I turneperioden
DKS etterstreber å ha kontakt med utøvarar som er på turné for å sjekke at alt går bra. Du kan også alltid ta kontakt med oss på e-post eller telefon. Vi vil også prøve å vere på nokre gjennomføringar, men vi rekker ikkje alt diverre, men vi reiser rundt på så mykje vi kan.
Kreditering – eit gjensidig ansvar
DKS sine heimesider
All informasjon om produksjon og anna informasjon ligg på våre heimesider. DKS krediterer fotografar og andre som medverkar.
Presse, sosiale media, heimesider eller andre informasjonskanalar
Dersom pressa ønsker å lage ei sak om noko som skjer i DKS, har utøvar og DKS eit gjensidig ansvar om å informere den andre. Vi vil veldig gjerne at de oppfordrar journalistar til å tydeleggjer at dette er eit DKS-arrangement. Både utøvar og DKS Møre og Romsdal skal krediterast i artiklar, bildedelingar, heimesider osv.
Del gjerne på Facebook sida til DKS Møre og Romsdal.
Som utøvar vil du kunne oppleve eller sjå kritikkverdige forhold. Det kan vere mot eller mellom elevar, lærarar eller andre som jobbar ved skolen, mot eller mellom dine utøvarkollegaer, eller mot deg sjølv.
Er du usikker på kor alvorleg det er, så er det betre å seie ifrå enn å la vere. DKS kan bidra til å vurdere om det skal bli tatt vidare.