Innmelding av forslag

Profesjonelle utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan melde inn forslag til Den kulturelle skolesekken. Forslag meldast inn i DKS-portalen.

DKS-portalen opnar 15. august for innsending av forslag til skoleåret 2024-2025. Frist for å melde inn er 1. oktober 2023. Dei som har søkt før og har fått oppdrag, må søke igjen eller reaktivere forslaget.

Mål og prioriteringar for 2024-2025

Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal legg vekt på dei nasjonale måla for ordninga, slik dei står i Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur, for med og av barn og unge.

Den kulturelle skolesekken skal:

  • Vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole og tilbydast jamleg
  • Sikre at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur, slik at dei kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
  • Bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
  • Formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
  • Vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
  • Bidra til å styrke norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggande kulturberarar.

Det er vidare eit mål om å bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn. I DKS Møre og Romsdal klarar vi ikkje per i dag å få til eit slikt tilbod.

Søknadsprosessen

DKS Møre og Romsdal får kvart år mange forslag og vi må gjere strenge prioriteringar. Vi gjer derfor merksam på at ferdigstilte produksjonar som gir lite grunnlag for vurdering, for eksempel fordi dei er mangelfullt dokumenterte, ikkje vil bli vurderte.