To som danser på stilaser
Foto: Yaniv Cohen

Programmet for 2024/2025 er no klart!

Programmet for Den kulturelle skolesekken er endeleg klart!

Det inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir hemmelege agentar, Påkemon med (Å), heftig folkedans, forfattarbesøk, lysleik, maur i skolegarden, bogeskyting, fantastiske filmar og heftige rytmar.

I tillegger er vi glade for å kunne innfri dei fleste av bestillingane til verkstader. Her vil elevane få utfalde seg saman med kunstnarar, både gjennom dans, nysirkus, improteater, levande teikningar og mykje meir.

Dett vil gi ALLE elevane i Møre og Romsdal varierte, spennande og interessante møter med profesjonell kunst og kultur i skolen. Det er eit mangfaldig program som vil inspirere, utfordre og engasjere.

Vi oppmodal alle skolar til å førebu elevane på kva som kjem i løpet av året, då vil opplevingane bli enda betre. I mange av produksjonsskildringane ligg det gode tips til førebuing og etterarbeid.

Klikk her for å finne produksjonar som skal til din skole.

Takk for eit godt samarbeid gjennom året og vi ønsker alle ein god sommar.