Bilde av forfatter som viser stein
Forfatter Pia Tveterås i møte med elevar under Appelsinia Litteraturfestival 2023. Foto: Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken

Open utlysing: DKS-LAB for litteratur i Trondheim 16.-18. april

Er du forfattar, formidlar eller ein annan utøvar som ønsker å utvikle ein god litteraturproduksjon du kan turnere med i Den kulturelle skolesekken?

Då ønsker vi å få ein søknad frå deg! DKS Møre og Romsdal samarbeider med DKS Trondheim, Innlandet og Trøndelag om eit laboratorium over tre dagar i Trondheim i april 2024. Les heile utlysinga og søk på Trøndelag fylkeskommune sine nettsider. Søknadsfrist er 15. februar 2024. Kontaktperson i DKS Møre og Romsdal er fagansvarleg for litteratur Åshild Widerøe, e-post ashild.wideroe@mrfylke.no