Informasjon om smittevern og besøk fra DKS
Publisert 27.08.2020
Skoleåret er i gang og snart kjem det utøvarar frå den kulturelle skolesekken på besøk til alle skolar rundt i fylket vårt. Vi gler oss til å gi gode opplevingar til alle dette skoleåret. Samtidig ønsker vi at alle elevar og lærarar skal ha en så trygg skolekvardag, også når det kjem besøk frå Den kulturelle skolesekken.
Her følger ei rettleiing om korleis ein kan ivareta gode smittevernhensyn ved besøk frå den kulturelle skolesekken.
Hugs alltid dei tre råda for godt smittevern:
1: Hald avstand
2: Vask hendene
3: Hald deg heime om du er sjuk
Skolen står som ansvarleg for arrangementa og det er skolen sine reglar for smittevern som gjeld. Om det er slik at elevar eller klassar ikkje får delta på enkelte framsyningar, må skolen fordele det slik at kvar elev likevel får delta på minst ei framsyning dette skoleåret.
DKS på skolen
For skolen:
- Informer utøvarane om skolen sine rutiner for smittevern
- Avtal med DKS/utøvar korleis de organiserer rommet. Hugs å inkludere sceneareal
- Ha god avstand mellom utøvar og scenekant/elevar, minst 2 meter
- Kohorter sit saman
- Skolen har oversikt over deltakende elever for ev. smittesporing
- Ikkje bruk same mikrofon som andre ved t.d.. introduksjon
- Ved karantene av gruppe/klasse/skole, kontakt DKS-administrasjonen umiddelbart
For utøvar:
- Snakk med den enkelte skole om rutiner for smittevern
- God handhygiene, særleg mellom skolar og før/etter handtering av utstyr
- Alle brukar eigen mikrofon/instrument gjennom hele perioden. Ikkje lån bort mikrofon
- Bruk dine eigne rekvisittar, make-up og kostyme så langt det er mulig
- Reingjer utstyr mellom kvart flytt
- Linjesjekk må gjerast av den enkelte
- Beregn god avstand mellom utøvar og scenekant/elever, minst 2 meter
- Ikkje beveg deg blant publikum
- Ha presis innslepp, unngå venting i større grupper utanfor lokalet
- Ha kontakt med DKS og skolen ved ev. smittesporing. Skolen har oversikt over deltakeade elevar
Ved formidling med medbrakt utstyr som kun vert nytta av formidlar:
For skolen:
- Ved kontakt, informer utøvarar om skolens rutiner for smittevern
- Avtal med DKS/utøvar korleis de organiserer rommet. Hugs å inkludere sceneareal
- God handhygiene for alle ved bruk av teknisk utstyr/hobbymateriell
- Ei gruppe er ein «kohort» og kan bruke same utstyr når ein har god handhygiene
- Ved karantene av gruppe/klasse/skole, kontakt DKS-administrasjonen umiddelbart
- Skolen held oversikt over deltakande elevar for ev. smittesporing
For utøvar:
- Snakk med den enkelte skole om rutiner for smittevern
- God handhygiene, særleg mellom skoler og før/etter handtering av utstyr
- Ei gruppe er ein «kohort» og kan bruke same utstyr når ein har god handhygiene
- Reingjer alt utstyr/berøringspunkt mellom grupper/skolar, her kablar, kamera, laptopar, osv.
- Vurder å finne løysingar for kamera o.l. som ikkje inneber å føre utstyr til ansikt slik at det berører ansiktet
- Ev. scenografi, bruk av hobbymateriell for produksjon av animasjon osv.:
Hovudregel er at materiell det ikkje er mogleg/hensiktsmessig å reingjere ikkje vert flytta mellom skolar. Materiell kan ev. pakkast slik at det blir ein pakke per skole/per gruppe, eller settast i karantene 3 dager. - Ha kontakt med DKS-administrasjonen og skolen ved ev. smittesporing. Skolen har oversikt over deltakande elevar
DKS utanfor skolen
For skolen:
- Sett deg inn i informasjonen frå kulturhus/ kino/skole, og vidareformidle dette til elevane.
- Overhold plassering i salen, slik at avstandsregel blir følgd. Sjølv om kohortar kan sitte saman, kan det hende dei må ta omsyn til rutinar på staden
- Vurdere om de kan gå eller sykle. Eller avklar rutiner som skolen har for kollektivtransport ift. anbefalingar frå FHI. Sjå nettsidene til Udir. Udirs
- Skolen held oversikt over deltakande elevar for ev. smittesporing
For utøver/institusjon:
- Send skolen informasjon om dykkar tiltak for smittevern i god tid
- Ideelt sett unngår vi å blande grupper fra flere skoler
- Ha minst 2 meter avstand mellom kvar kohort
- Ha presis innslepp, eller meld frå om oppstart blir forseinka, slik at elevane unngår venting i større grupper i foaje og gangar
- Flere kan IKKJE nytte same mikrofon. Finn andre løysingar ved ev. samtale etter konsert/framsyning
- Ha kontakt med DKS og skolen ved ev. smittesporing. Skolen har oversikt over deltakande elevar