Bilde fra forestillingen Slaget om skolegården. To personer som jubler med henda i været.
Fra forestillingen Det historiske slaget om skolegården. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter

Programmet for 2023/2024 er no klart!

Programmet for Den kulturelle skolesekken er endeleg klart!

Det inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir slag om skolegarden, historier frå vikingtida, ulvar, ei kjedeleg bok, klovneforfattarbesøk, fantastiske filmar, rytmar frå heile verda, teikning, maurar som kryp omkring og mykje meir.

I tillegg er det mange gode verkstader der elevane får utfalde seg saman med kunstnarar, både gjennom dans, joik, dataspel og film.

Dette vil gi ALLE elevane i Møre og Romsdal varierte, spennande og interessante møter med kunst og kultur i skolen. 

Vi oppmodar alle skoler til å førebu elevane på kva som kjem i løpet av året, då vil møtene bli enda betre. I mange av produksjonsomtalane ligg det gode tips til førebuing og etterarbeid.

Vi ønsker alle eit godt DKS år.