Illustrasjonsbilde til teaterforestillinga Sult
Sult

Ekstratilbod til vidaregåande skole

I samarbeid med Teatret Vårt er vi glade for å kunne tilby teaterframsyninga av Sult for vidaregåande skole. Den kulturelle skolesekken Møre og Romsdal dekker billettane for elevar og lærarar.

Knut Hamsun si bok, Sult, reknast ein av dei viktigaste bøkene i norsk litteratur og er ei fortelling om liding, men også om håp og å kjempe for det ein trur på.

Teatret vårt vil lage eige skolemateriell til framsyninga som de kan nytte i undervisninga.

Det er få plassar på kvar stad, så her er det først til mølla som gjeld.

Påmeldingsfrist er 1. september.

For meir informasjon og bestilling av billettar følg linken her: www.teatretvart.no/skjema/skoletilbud-sult/

Teaser frå framsyninga Sult med Teatret Vårt