Bilde av elever som ser tegninger på skjerm
Fra verkstaden "Levende tegninger". Foto: Katarina Caspersen

Kulturverkstader 2023/2024 - klart for bestilling

Grunnskolane i Møre og Romsdal kan no bestille verkstader for skoleåret 2023/2024. Bestillingsfristen er 15. mars. Verkstadene er eit ekstratilbod, og kjem i tillegg til Den kulturelle skolesekken sitt ordinære program for skolen. Skolane bestiller og betaler ein eigendel.

Profesjonelle kunstnarar er på nytt klare til å lære elevar i Møre og Romsdal å utfalde seg innan kunst og kultur. Vi har eit variert tilbod for kulturaktive elever.

Sjekk gjerne ut dei nye verkstadene “Levande teikningar”, der får elevane se tekningane sine bli levande med bevegelse, og i “Feil er bra – eit teaterverkstad”, får elevane lære seg improteater eller kva med ein sirkusverkstad med “Clownberry”, der det blir sjonglering og klovning.

Slik bestiller du verkstad:

  • Logg inn i portalen
  • Trykk på menyknappen “Påmeldinger” i menyen til venstre
  • Velg fanen “Meld interesse”
  • Trykk på det eller dei verkstadene de ønsker å bestille, hugs å lese informasjon og premissane
  • Fyll ut informasjon

Merk: Når de har meldt interesse blir dette sett på som ei bestilling og den er bindande. Gjennomføring av verkstadene er avhengig av tal på bestillingar og utøvarane sin kapasitet.