Illustrasjonsbilde akrobater på sirkus
Circus Absence. Foto: Jarle H. Moe

Programmet for 2022/2023 er no klart!

Programmet for Den kulturelle skolesekken er endeleg klart!


Det inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir nysirkus, akrobatikk og magi, skrekk og gru i campingvogn, norrøne rytmer, sterke historier frå både fjern og nær, brettspelworkshop, japansk te-seremoni og mykje meir!

Dette vil gi ALLE elevane i Møre og Romsdal varierte, spennande og interessante møter med kunst og kultur i skolen. 

Vi håper denne gåvepakka vil gi nye erfaringar og inntrykk, og vere eit sterkt supplement i skolekvardagen.

Ønsker dykk alle ein god sommar og vel møtt til eit nytt år med DKS til hausten.


Helsing frå oss i Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal.