Kulturverkstader 2022/2023 - klart for bestilling
Publisert 04.02.2022
Grunnskolane i Møre og Romsdal kan no bestille verkstader for skoleåret 2022/2023. Bestillingsfrist er 15. mars. Dette er ekstratilbod om verkstader for elevane i tillegg til Den kulturelle skolesekken sitt ordinære program for skolen. Skolane bestiller og betaler ein eigendel.
Profesjonelle kunstnarar og kunstpedagogar er på nytt klare til å lære elevar i Møre og Romsdal å utfalde seg innan kulturfaga! Ønskjer de at elevane skal lære seg dataspel, å lage dokumentarfilm eller kanskje musikkvideo? Eller få opplæring i hiphopdans, teater, street art, skrivekunst eller poesi? Vi har eit variert tilbod for kulturaktive elevar!
Bestilling skjer gjennom portalen i år og informasjon om dei ulike verksteda ligg inne i portalen.
For å bestille verkstad:
- Logg inn i portalen
- Trykk på menyknappen «Påmeldinger» i menyen til venstre
- Velg fanen «Meld interesse»
- Trykk på det eller dei verkstadene dykk ønsker å bestille
- Fyll ut informasjon
Bestilling er bindande for skulen.
Skolane får beskjed i løpet av mai kva for verkstad som blir tildelt.