Illustrasjonsbilde. Campingvogn
Illustrasjonsbilde fra produksjonen Inn i det ukjente. Foto: Erler teaterkompani

Programmet for 2021/2022 er no klart

Programmet for Den kulturelle skolesekken er no klart!
Vi er stolte av å levere eit program fullt av profesjonelle kunst- og
kulturtilbod til alle elevane i Møre og Romsdal, både i grunnskole og vidaregåande skole.

Pandemien har også prega det siste skoleåret, med avlysingar, færre i salen og mange smittevernomsyn. Ros til alle skolar og kommunar som har jobba hardt for at store og små elevar likevel fekk mange gode kulturopplevingar.

Vi har planlagt eit nytt og spennande skoleår og DKS Møre og Romsdal har mange godbitar både haust og vår.

Programmet inneheld både nye produksjonar og ein del vidareføringar. Det blir skrekk og gru i campingvogn, ein ninjababy, barnebokbad, rim og rytmer, improteater, sterke historier frå andre verdskrig, gretne nissar, klimakamp, samisk mytologi og mykje meir.

Vi håper tilboda vil gje elevane gode møte med kunstnarar
og profesjonell kunst og kultur i skolen.

Ønsker dykk alle ein riktig god sommarfeire og vel møtt til eit nytt år med DKS til hausten.


Helsing frå oss i Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal.