Musikk + nynorsk / litteratur – "Eit musikalsk tekstlaboratorium"
Denne produksjonen parar musikk og nynorsk – ein enkel produksjon som handlar om å nytte nynorsken til noko anna enn å pugge gloser og grammatikk. Let's face it: nynorsken er ikkje så kul som engelsken. Ikkje ein gang som tysken. For ikkje å snakke om bokmålet. Denne produksjonen er kanskje ikkje nok til å gjere nynorsken "kul" – men han vil forhåpentleg åpne augo litt for dette språket som kunne ligge mange nærare hjarta.
Me omset frå engelsk til nynorsk
Målet er at alle elevar skal få skrive. Etter nokre skriveøvingar går me i gang med den konkrete songen som skal omsetjast. Litt tekstleik, senke skuldra, ikkje gjere det så farleg. Tekstalkymi er jakta på tekstleg gull, men i laboratoriet er me ikkje redde for gråstein.
1 timer og 20 minutter
Se kalender
300
10 minutter
10 minutter
Klasserom, Auditorium, Annet eller lignende
1
Nei
Nei
Nei
14 dagar før eg kjem: Velje song!
Dag 1 • Musikalsk tekstlaboratorium! (klassevis)
Totalt: 80 minutter
Dag 2 • Konsert!
Totalt: 35 minutter
Kjell Inges bakgrunn
Eg har gitt ut 6 musikkalbum. To av dei, «Aks av gull» (Sting på nynorsk) og «Aks av gull – i symfoni (med SSO)» inneheld norske gjendiktingar av artisten Stings songar. Fleire av mine eigne songar har óg fått mykje radiorotasjon, deriblant «Eg fant ein ring», som i ein periode var den 6. mest spelte på norsk radio.
For øvrig har eg utdanning som cand.mag., med norsk, engelsk mellomfag og kristendom i fagkrinsen. Eg har vore lærar ved vidaregåande og i vaksenopplæringa i fleire år. Frå 2003 starta eg for fullt som frilans songar, låtskrivar og tekstforfattar. Parallelt driv eg eige kommunikasjonsbyrå, The KIT as – etter at eg slutta i reklamebyrået Melvær & Co samme år. Fra skrivestua mi i «Tinfabrikken» har eg invitert til kurs i kreativ skriving, og dei har vore godt omtykte (https://www.kjellingetorgersen.no/artikkel/kreativ-skriving-skrivekurs)
Læreplanrelevans
Denne produksjonen kan bl. a relateres til:
Overordnet del
Identitet og kulturellt mangfold
Skapergleder, engasjement og utforskertrang
Utdanningsprogram
Alle utdanningsprogram.
Fellesfag
Engelsk og norsk.
Programfag
Studiespesialisering, Musikk, dans og drama.
Valgfritt programfag
Engelsk, kommunikasjon og kultur, musikk fordypning og Teaterproduksjon fordypning.
Rogaland fylkeskommune
Kjell Inge Torgersen
Kjell Inge Torgersen
Gudrun Karina Opheim, tlf: +47 977 97 496, e-post: gudrun.karina.opheim@rogfk.no
Susanne Viste Bie, tlf: +47 922 03 137, e-post: susanne.viste.bie@rogfk.no
Susanne Viste Bie, tlf: +47 922 03 137, e-post: susanne.viste.bie@rogfk.no
Kjell Inge Torgersen, tlf: +47 900 70 619, e-post: post@kjellingetorgersen.no