Kulturkontaktens rolle

Kulturkontaktane er våre viktigste ambassadørar for Den kulturelle skulesekken inn mot sitt nettverk; anten det er i forhold til elevar, lærarar eller skuleleiinga.

Kvar skule har ein tilsett som har hovudansvaret for kontakten mellom skulen, Den kulturelle skulesekken i Rogaland og kunstnarane/utøvarane som kjem på besøk.

Kulturkontakten har både ei spennande og ansvarsfylt oppgåve. Det vil alltid vere snakk om kva ein har tid til å prioritera i ein travel skulekvardag, men ein aktiv kulturkontakt kan bidra til å skapa grunnlaget for gode møter mellom elevar og kunstnarar.

Kulturkontaktens oppgåver

  • Halda seg orientert om tilbodet fra DKS Rogaland
  • Administrera valg av produksjonar.
  • Oppdatera skoleinfo i Portalen
  • Vidareformidla informasjon til lærarar om aktuelle produksjonar.
  • Sørga for at alt praktisk er lagt tilrette før besøket.
  • Ta imot utøvarane og visa dei til lokala dei skal bruka.
  • Presentera utøvarane for elevane.
Frå produksjonen “KROKI”.

Meir info er tilgjengeleg på Teams (for vgs.)
Sjå i denne kanalen (Oppl DKS vgs skolekontakter) eller kontakt oss for å få tilgang.