UKM

UNG KULTUR MØTES

Foto: Tanja Emilie Åmo

Regjeringa har peika ut UKM, DKS og kulturskulane som sine viktigaste satsingar på barne- og ungdomskultur. Gjennom lokale UKM-mønstringar får ungdommar vist fram ulike kunstuttrykk til eit publikum og eit fagpanel, dei får tilbakemeldingar og dei får møte likesinna. UKM omfattar eit breitt spekter av tenkelege og utenkelege kunstformer. Frå dei lokale mønstringane vert nokre av innslaga sendt vidare til fylkesfestivalane og derifrå vert nokre plukka ut til den store landsfestivalen. Det er viktig å understreke at UKM ikkje er ein konkurranse.

Innslaga som vert sendt vidare skal spegle breidda i, og syna mangfaldet av det som vert presentert lokalt. Fylkesfestivalane og landsfestivalen vert begge organisert som festivalar der deltakarane er samla over fleire dagar.

 Målet med UKM er å stimulera og synleggjera ungdommane sin kulturelle aktivitet, lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kommunemønstringar: Januar/februar 2022

Fylkesfestival: 22.–24. april 2022 i Sauda

Landsfestival: Juni 2022

Meir informasjon finn du her: https://ukm.no/