JORDEPLE OG JERNPLOG

arrow_back Produksjoner

Saman med litteraturfestivalen Jorddøgn vil Garborgsenteret invitera til ei dialogisk formidlingsstund med utgangspunkt i det tverrfagleg emnet berekraftig utvikling. Formidlinga tar eit etnologisk utgangspunkt frå Jæren på midten av 1800-talet. Eit historisk blikk på artsmangfald, byggeskikkar og ressursbruk, ramma inn av skjønnlitterære tekstar, vil ta elevane med til nåtid og framtid. 

Vårt mål er å skapa rom for tankerekker og spørsmålsformuleringar knytt til problemstillingane i spenningsfeltet mellom næringsutvikling og naturvern. Me vil høyra kva elevar som skal jobba i byggebransjen, landbruket og andre næringar tenker om nåtid og framtid. Kan me finna ein berekraftig og ny grøn veg, utan at utviklinga kollapsar?


Varighet

1 timer og 30 minutter

Sted

Jærmuseet, avdeling Garborgsenteret – Garborgheimen

Maks publikumsantall

30

Antall utøvere

2

Eventuelle forberedelser til besøk

Eit tekstutval kan jobbast med på førehand.

Me har lyst til å invitera elevane til Garborgheimen der elevane får koma inn i eit autentisk heimemiljø på ein gard frå 1800-talet.

Å få elevane ut i matfatet på Jæren og inn i ei stova på Jæren frå 1848, vil vera ei perfekt ramme til å snakka om fortid og framtid. Skal me finna ein grøn veg, må me av og til ut av klasserom og gymsalar for å sjå oss om.

Jærmuseet har òg gardsanlegg på Klepp og Gjesdal, og i Randaberg og Hå som kan vere aktuelle alternativ. I samarbeid med Haugalandmuseene kan me også tilby formidlinga i nordfylket på garden Ørpetveit som er eitt av anlegga deira.

Me vil snakka om ulike sider ved berekraft, med utgangspunkt i gardsdrifta på Garborg(eller eitt av dei andre anlegga). Her er ulike emne å koma innom, både i ein historisk samanheng og med blikk mot ei berekraftig framtid.

1) Artsmangfald - Kva har det biologiske mangfaldet å seia for levekår?

2) Energi - Korleis tenkte folk energieffektivt når dei reiste bygningar?

3) Ressursar - Korleis nytta folk kortreiste ressursar?

4) Bruk - Korleis tenkte folk om kvalitet, vedlikehald og gjenbruk?

5) Kunnskap - Kva kunnskap gjekk i arv i ei ætt? Kva visste dei om jordbruk?

6) Produksjon - Kva gjorde politikk og ny teknologi med produksjonen?

I første del av opplegget vil me presentera folk og Jæren på 1800-talet. Her vil me knytta historien opp til det me veit om korleis det blei drive gard på Garborg. Med å sjå på artsmangfaldet, korleis dei nytta ressursane sine og korleis teknologi og politikk utvikla samfunnet, kan me få ein god grunn å stå på før resten av formidlinga.

I andre del vil me ta elevane med til nåtid og framtid. I spenningsfeltet mellom  næringsutvikling og naturvern vil me koma i dialog med elevane. Går det an å finna ein berekraftig og ny grøn veg, samstundes som utviklinga går framover og folk har jobbar å gå til? Kva tenker dei sjølv om eiga framtid, dei som vil jobba i byggebransjen, landbruket eller andre næringar som produserer varer og tenester?

Skjønnlitteratur vil vera ein sentral del av formidlinga. Elevane vil mellom ulike deler av formidlinga møta tekstar frå den klassiske og samtidsorienterte skjønnlitteraturen. Gjennom høgtlesing av desse tekstane, vil me kasta lys over problemstillingar om viktige forhold for vår eksistens. Skjønnlitteraturen er god til å ta opp i seg kva folk er opptatt av, og kan sjølv virka i spennet mellom det kvardagslege og eksistensielle. .

Læreplanrelevans
Denne produksjonen kan bl. a relateres til:

Overordnet del:

Kritisk tenkning og etisk bevissthet.

Respekt for naturen og miljøbevissthet.

Tverrfaglige tema:

Bærekraftig utvikling.

Felles programfag i utdanningsprogrammene:

Produksjonen kan relateres til alle elever, men vil rettes spesielt mot yrkesfaglig utdanningsprogram.

 

Arrangert av

Rogaland fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Stian Ravndal

Andre medvirkende

Jorddøgn litteraturfestival 

Haugalandmuseene

Gruppenavn

Garborgsenteret og Jorddøgn

Idé/opplegg

Garborgsenteret, Jærmuseet

Om kunstner / utøver / gruppe

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Elin Hetland, tlf: +47 99 26 86 57, e-post: elin.hetland@rogfk.no

Produsent/fagansvarlig

Elin Hetland, tlf: +47 99 26 86 57, e-post: elin.hetland@rogfk.no

Kontaktperson utøver

Stian Ravndal, tlf: +47 41 45 08 30, e-post: sra@jaermuseet.no