Eg et før eg kjem - Kari Anne Bye

arrow_back Produksjoner

Eg et før eg kjem er ei leiken og humoristisk diktsamling av Kari Anne Bye om einsemd og Tinderdating. Med utgangspunkt i denne diktsamlinga tilbyr ho eit opplegg med forfattarbesøk frå ein entusiastisk og levande forteljar, forfattaren sjølv. Dette er dikt som både i form og tematikk treff eit ungt publikum, med ein god balanse mellom humor og sårheit. Dette vil bli eit opplegg med veksling av lesing og forteljing om tematikk og skriving, og ho vil legge opp til dialog med elevane kring tema som skam og å sjå seg sjølv i andre sitt blikk i den digitale røynda.

Ho tilbyr også eit opplegg for dobbelttime, med forfattarbesøket først, og ein minidiktverkstad etterpå, med fokus på å komme i gang med å skrive dikt, og «show, don’t tell».

 

 

 

 


Varighet

1 timer og 30 minutter (Eg vil tilby to alternativ: 1) 45 min: forfattarbesøk m. lesing osb. 2) 45 min x 2: ein ekstra time med minidiktverkstad)

Behov for bærehjelp eller annen lokal hjelp

Elevene treng noko å skrive med og på viss vi skal ha minidiktverkstad.

Sted

Se kalender

Maks publikumsantall

30

Oppriggingstid

0 minutter

Nedriggingstid

0 minutter

Arena/rom

Klasserom eller lignende

Antall utøvere

1

Trenger scene

Nei

Trenger blending

Nei

Trenger el-uttak

Nei

Ønsker til lokal arena

Opplegget kan gjerast i vanleg klasserom. Minidiktverkstad må vere i klasserom eller tilsvarande, fordi elevane må ha høve til å skrive. Opplegget mitt er ganske "low-tec", eg treng t.d. ikkje å kople opp PC. Det kan vere greitt å ha tilgang på ei tavle av noko slag (men om det ikkje går så går det greitt det og)

Opplegg A) Forfattarbesøk

Varigheit: 45 minutt.

Her legg eg opp til eit relativt tradisjonelt forfattarbesøk, kor eg vekslar mellom å lese og snakke om boka, tematikken, skriving, det å vere forfattar og om dikt generelt. Eg ville utforske noko i samtida og i menneskelege kjensler da eg skreiv denne boka, som nemnd i tematikken ovanfor. Det vil altså bli ein veksling mellom dikt og tematikk. Eg vil òg snakke litt om humor i litteraturen.

Eg prøver å opne for dialog og innspel frå elevane, til dømes om kva ein kan skrive dikt om, men eg har erfart at korleis dette fungerer varierer ganske mykje frå elevgruppe til elevgruppe. Eg forsøker altså i tilpasse meg den gruppa eg er inne i. Nokon treng til dømes at eg pratar mest sjølv, stundom fungerer det godt med innspel i plenum, og med somme grupper fungerer det best om dei får litt diskusjonsoppgåver to og to innimellom.

Før eg kjem på besøk kjem eg til å sende litt informasjon om tematikken eg skriv om og nokre av dikta mine til den aktuelle skolen. Da er det mogleg for elevar og lærarar og elevar å sjå på dette i førevegen viss dei ønsker det.  

Opplegg B) Forfattarbesøk og minidiktverkstad

Varigheit: 2 x 45 minutt. Første time er som opplegg A. I neste time fortsett vi med ein «minidiktverkstad».

Her har eg har kalla dette opplegget ein minidiktverkstad. Litt fordi det er grenser for kva ein får gjort på 45 minutt, men òg for å senke ambisjonsnivået litt. Eg vil gjerne at dette skal vere morosamt og ufarleg for elevane. På mange vis vert dette meir ein «kom i gang med dikt»-time.

Eg vil byrje med å snakke litt om å skrive, og skrive dikt, og om å komme i gang. Mykje om å senke ambisjonsnivået og «berre skrive», og eg vil formidle at ein kan skrive dikt om alt, framfor alt det som opptek ein.

Hovudfokuset på denne minidiktverkstaden vil vere på «show, don’t tell».

Korleis kan ein formidle ei kjensle utan å seie henne rett ut? Korleis kan ein formidle stemning og relasjonar i handlingar eller brottstykke av dialog? Kan ein bruke ein gjenstand? Eller ein observasjon?

Eg vil byrje med å bruke døme frå eigne tekstar. Elevane kan t.d. få i oppgåve å skrive om ei gjeven kjensle i tekst/ dikt, for så stryke kjensla i teksten. Kva vert att da? Kva skjer når du har stryke «eg var så forelska at» og berre konsekvensane av den forelskinga står att i teksten?

Dette er òg god tematikk å diskutere i grupper og/ eller plenum, kva gjer ein når ein er forelska? Kva seier ein når ein er såra? Kva seier ein ikkje? Kva handling kan vise laga av undertekst ein ikkje seier?

Opplegget her vert altså ei blanding av at eg snakkar, diskusjon i plenum/grupper og oppgåver til elevane. I hovudsak har elevane jobba ein og ein med desse oppgåvene, men stundom har dei også samarbeida (da etter eige ønske). Her vil eg gjerne ha ein dialog med elevane, og vil gå litt rundt og prate med dei og snakke om oppgåvene og høyre/lese dikta deira (om dei vil).

Læreplanrelevans:

Overordnet del: 

Se rullegardinmeny: "Kobling til læreplanverket"

Tverrfaglige tema:

Folkehelse og livsmestring 

Utdanningsprogrammene:

Det kan være relevant for alle utdanningsprogram, men spesielt elever som har norskfaget på timeplanen.

Fellesfag:

Norsk, Religion og etikk og Samfunnskunnskap 

Valgfrie programfag:

Historie og filosofi, Kommunikasjon og kultur, Kunst og skapende arbeid, Teaterproduksjon fordypning, Teaterensemble og Tekst 

Arrangert av

Rogaland fylkeskommune

Produsert av

Utøvere

Kari Anne Bye

Andre medvirkende

Gruppenavn

Kari Anne Bye

Idé/opplegg

Om kunstner / utøver / gruppe

Produksjonen kan bidra til:

Kontaktperson i Den kulturelle skolesekken

Ansvarlig planlegger/turnéansvarlig

Susanne Viste Bie, tlf: +47 92 20 31 37, e-post: susanne.viste.bie@rogfk.no

Produsent/fagansvarlig

Susanne Viste Bie, tlf: +47 92 20 31 37, e-post: susanne.viste.bie@rogfk.no

Kontaktperson utøver

Kari Anne Bye, tlf: +47 99 51 41 33, e-post: kariannebye@gmail.com