Rapportering for kalenderåret 2023

Snart er det nyttår og tid for rapportering for kalenderåret 2023.

Som vanleg skal me rapportera i DKS-portalen, og Portalen opnar for rapportering 15.januar 2024.

Frist for innsending av rapport for kalenderåret 2023 er sett til 1.februar 2024.

For dei kommunane som har nytta Portalen til planlegging og publisering av alle tilbod i Den kulteulle skulesekken i 2023:

Aktivitetar og referanseinformasjon i Portalen vert henta direkte frå Portalen. Hovudskjema med fritekstsvar og økonomi kan fyllast ut frå og med 15.januar 2024.

For dei kommunane som ikkje har nytta Portalen til planlegging i 2023:

Referansedata og aktivitetar må fyllast ut i tillegg til hovudskjema med fritekstsvar og økonomi frå og med 15.januar 2024

Rettleiing til DKS-rapportering for kalenderåret 2023 finn du her:

Rettleiaren vil også vere tilgjengeleg frå utfyllingssida i DKS-Portalen.