Jorda rundt i ein gymsal

Under siste vekas elevarrangørkurs, som vart omtala i ei eiga nyheitssak på nettsidene våre, fekk elevar og kulturkontakta frå mellom anna Hammartun i oppgåve å planleggje det komande DKS-besøket til skulen. Denne veka var det klart for besøk på Hammartun, og DKS Innlandet fekk vera med då ferske elevarrangørar tok imot utøvarane frå Jorda rundt på 80 dagar.

Jorda rundt på 80 dagar er eit humoristisk musikkteater basert på romanen med same namn frå 1873, skrive av Jules Verne. Det er ei forteljing om den britiske gentlemannen Phileas Foog som legg ut på eit eventyr saman med sin butlar Passepartout, etter å ha inngått eit veddemål om å kunne reise jorda rundt på 80 dagar. Reisa fekk 160 elevar frå 5. til 7. klasse på Hammartun skule gleda av å vera med på i skulens gymsal ein ettermiddag i januar.

Utøvarane kom litt småstressa til skulen etter å ha spelt ei førestilling i nabokommunen Gausdal same morgon. Men skuldrane senka seg raskt då fem smilande elevarrangørar tok dei godt imot og viste veg inn i ein klargjort gymsal. Tett oppfølging og god berehjelp frå elevane gjorde at utøvarane vart klare på rekordfart. Til si eiga overrasking fekk dei faktisk ein heil time til å puste ut og lade batteria igjen, både med litt å tygge på og servering av nytrakta kaffe frå elevarrangørane. Deretter var det berre å varme opp att stemmebanda for utøvarane før ein stor gjeng spente elevar frå Hammartun vart sleppte inn i salen.

Godt samarbeid mellom elevarrangørar og utøvarar

Vi vart tatt svært godt imot! Vi var litt redde for at det kunne bli travelt mellom dei to førestillingane, men denne gongen kom vi veldig raskt på plass, takka vere dei flinke elevane som saman med skulens kulturkontakt hadde førebudd så godt for besøk. Eit skulebesøk med eller utan elevarrangørar kan vera som natt og dag. Alt går så mykje betre med flinke elevar som hjelper til.

Hedda Gray Lægreid, skodespelar

Under opprigginga kunne også elevarrangørane melde at dei verdsette arrangøroppgåvene dei fekk prøve seg på under besøket.

Vi føler oss eigentleg ganske tøffe! Etter å ha vore på kurs veit vi kva som skal skje, og kva vi skal gjere og spørje om for å hjelpe til. Dette er moro!

Elevarrangør ved Hammartun

Elevane vart sleppte inn klassevis av elevarrangørane, dei yngste fyrst, og plassert fremst, og dei eldre bak. Etter ein eigenkomponert introduksjon frå to av elevarrangørane, braka det heile laus. I ei førestilling med høgt tempo, strålande samspel og koreografi, og med den eine slåande replikken etter den andre, fekk barneskuleelevane vera med jorda rundt før dei landa trygt i gymsalen igjen, nokre minutt før den 80. dagen og tid for friminutt.

Klart for førestilling etter eigenkomponert introduksjon frå elevarrangørane

Benker og stolar vart rydda saman av elevarrangørane, like raskt som dei kom fram, og utøvarane fekk all den hjelpa dei kunne be om til å pakka saman og dra lukkelege vidare på nye eventyr til skular i Innlandet.

Og som med Jorda rundt på 80 dagar, er vi sikre på at også komande DKS-arrangement på Hammartun vil lande like godt med ein slik ny og proff elevarrangør-gjeng i sving.