Om DKS-portalen
Publisert 17.04.2020
DKS-portalen er den nye administrasjons- og kommunikasjonsflata for Den kulturelle skulesekken. Portalen gir skulane oversikt over dei ulike turnéane som kjem til skulen.
Kvar skule har si eiga side der elevtal, timeplan og kontaktpersonar skal førast inn. Det er viktig at kulturkontaktane og skulane set seg inn i og tek DKS-portalen i bruk.
DKS-portalen er også ein innmeldingsportal med en felles frist for utøvarar, eit felles fagsystem for alle som jobber med DKS, ein bank for alle produksjonar i DKS og ei visningsrute for elevar og lærarar om deira DKS-tilbud.
Ta portalen i bruk
Her finn du informasjon om korleis DKS-portalen fungerer og korleis du kan ta den i bruk.