Utøvar i DKS

Ein god ambassadør!

  • På turné er utøvarane representantar for Vestland fylkeskommune.
  • Det er forventa at utøvarane opptrer som gode rollemodellar.
  • Det er viktig å vere imøtekommande og innstilt på å finne gode løysingar.
Foto: David Zadig

Om DKS
DKS er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå kommunar og fylkeskommunar.  Vestland fylkeskommune, ved seksjon for kulturformidling, administrerer satsinga i Vestland. Kvar kommune har i tillegg si lokale DKS-satsing.

Under finn du informasjon frå seksjon for kulturformidling til utøvarar på turné i Vestland:

Turnéplanar
Du finn til ei kvar tid oppdaterte turnéplanar på www.denkulturelleskolesekken.no/vestland/.

Kontakt med skulane
Kvar skule har ein kulturkontakt som er utøvarane sin kontaktperson. Utøvarane skal kontakte skulane i forkant av besøket for å sikre seg at besøket vert så bra som mogleg. Ei veke til eit par dagar før.

Utøvar skal alltid undersøkje med skulane om dei har elevar med særskilde behov, og avtale deretter. I tillegg sender kulturseksjonen påminning til skulane via e-post, og følgjer opp på telefon om naudsynt.

Reise, diett og overnatting
Seksjon for kulturformidling bestiller reise til/frå Vestland etter avtale med utøvarane. Vi bestiller all overnatting og sender reiserute med oversikt over hotell før turnestart. Om utøvarane ønskjer å endre overnattingsstad undervegs, skal det skje via seksjon for kulturformidling v/kontaktpersonen for turneen.

På turné får utøvarane dekka reise og diett etter statens satsar. Utbetaling skjer i etterkant av turneen. Om utøvar fører noko på hotellrommet må han/ho hugse å gjere opp ved utsjekk.

Sjå elles informasjon om dette i kontrakten for turneen.

Leigebil
Etter behov tingar seksjon for kulturformidling leigebil. Vilkår for bruk av leigebil er ført opp i kontrakten for turneen.

Økonomi og forsikring
Seksjon for kulturformidling skriv kontrakt med utgangspunkt i gjeldande rammeavtale for oppdrag i DKS: 

ASA-4401 Rammeavtale om vilkår for oppdragstakere i Den kulturelle skolesekken

Informasjon og vilkår for forsikring er ført opp i kontrakten for turneen.

App for utøvarar
Har du lasta ned Kulturtanken sin app for utøvarar? Her har du tilgang til den same informasjon som på Min side i DKS-portalen.