Honorarsatsar og rammeavtale

Vestland fylkeskommune følgjer ASA 4401 Rammeavtale om vilkår for oppdragstakere i Denkulturelle skolesekken i fylkeskommuner og kommuner (pdf).

Satsar for oppdragstakarar.
Rammeavtale for perioden 01.08.2023 -31.07.2025. Avtalen er vedteken av Vestland fylkeskommune og gjeldande frå 01.08.2023.

Honorar pr formidlingsdag er kr 5 913-, jamfør ASA 4401 og justering av satsen frå og med 1. august 2024. Timesats for avtalt førearbeid/prøvetid for sjølvstendig næringsdrivande: kr 823,-. Jamfør ASA 4401 og justering av satsen frå og med 1. august 2024. Førearbeid og honorar for deltaking i møte må vere avtalt på førehand dersom dette skal gjelde.

Scenekunst
Ved engasjement av produksjonar som er ein del av Norsk scenekunstbruk sitt repertoar gjeld prisar fastsett av Norsk scenekunstbruk. Lenke til nettside for Norsk scenekunstbruk.