Handsaming av forslag til DKS-programmet

For å sikre ei god kvalitetsvurdering av produksjonane, og transparente prosessar der alle utøvarar har likt høve til å fremme forslag til programmet, ligg prosedyrar som er funderte på forvaltningsetiske prinsipp til grunn for arbeidet med DKS. På bakgrunn av dette medverkar faggrupper og eit ungdomsprogramråd i arbeidet med å fastsette DKS-programmet. For arbeidet med programmet til vgs er det ei eiga arbeidsgruppe der også elevar er med.

Måla for DKS i Vestland er:
– å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
– å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag, 
– å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.

– Alle forslag vert vurderte og Vestland fylkeskommune vektlegg følgjande uttykk i programmeringa:

          1.–4. trinn: musikk, litteratur

          5.–7. trinn: visuell kunst, scenekunst, musikk

          8.–10. trinn: film, litteratur

          Vidaregåande skule: alle uttrykk

Forslag innan kulturarv får plass i ulike delar av programmet.

Følgjande kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS-programmet:

DKS Vestland skal syte for at alle elevar i fylket får oppleve kunst- og kulturuttrykk av høg kvalitet. Tilbodet skal vere variert og leggje til rette for inkludering og mangfald. Eit sentralt mål er å nytte regionale og lokale utøvarar i DKS-programmet og å auke tilfanget av nynorskproduksjonar.

Bergen kommune er den største direktekommunen i Noreg, og ei mengd større kunst- og kulturinstitusjonar har sitt hovudsete her. Både desse og frie grupper og utøvarar skal ha plass i DKS-programmet.

– Kvar produksjon i programmet skal ha kvalitet og profesjonalitet i innhald og formidling.

– Programmet skal som hovudregel gjennomførast i skuletida.

– Programmet skal ikkje erstatte delar av skulen si undervisning i estetiske fag.

– Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangrar, spelestad og formidlingsmåte. I det samla programmet skal det også vere produksjonar på tvers av uttrykk. Nyskapande kunst skal prioriterast.

– Programmet skal ha særleg vekt på regionale og lokale utøvarar.

– Programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.

– Programmet skal ivareta minoritetar og leggje til rette for inkludering.

– Programmet skal innehalde ein høg del produksjonar på nynorsk og ulike målføre.

– I det samla programmet skal det vere god balanse mellom produksjonar av/med frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar.

– På scenekunstfeltet skal tilbodet fordelast slik at større kunst- og kulturinstitusjonar og frilansutøvarar/frie grupper kvar skal ha minimum 30 prosent av volumet i høvesvis grunnskulen og vidaregåande skule dersom det er grunnlag for det.

Faggrupper og ungdomsråd

Det er etablert faggruppe for kvart av dei seks uttrykka i DKS (film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst), og eit ungdomsprogramråd.

Faggruppene gjer den faglege vurdering av alle innkomne forslag, og tilrår produksjonar som kan inngå i programmet.

Ungdomsrådet deltek i arbeidet og velgjer ma ut nokre produksjonar for vgs og ungdomstrinnet.

Direktør for kultur, idrett og inkludering vedtek programmet. 

NB! Frist for innsending av tilbod til skuleåret 2023-2024: 1. oktober 2022