Møtepunkt himmel og jord

“Møtepunkt himmel og jord” består av ei nettside, ein film og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Sentrale emner er religiøst mangfald og integreringsproblematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vidaregåande skule.

Nettside

Nettsida inviterer til besøk i heilage rom knytta til dei 4 verdsreligionane. Den er ein tilgjengeleg ressurs for alle som ynskjer å bruke den, elevar, foreldre, studentar eller andre.

Undervisningsfilm

Tidsaktuell dokumentar som presenterer 6 norske ungdommar frå ulike religiøse og etniske miljø, med innslag av digitale forteljingar produsert av ungdommane sjølve. Varigheit ca 25 min. Filmen følgjer med i ressurskassen.

Ressurskasse

Som eit tilbod til skulane vert ressurskassen med religiøse gjenstandar sendt til skular som ynskjer det. Skulen lagar sjølv ei utstilling med dei religiøse gjenstandane i kassen og formidlar innhaldet ved hjelp av nettsida og filmen som følgjer med.

Klikk på bildet under for å komme til himmeljord.no: