Nye forslag til produksjonar for skuleåret 24/25

15. august åpnar DKS-portalen for innsending og reaktivering av forslag til skuleåret 2024/25. Innmeldingsfrist er 1. oktober.

Den kulturelle skolesekken (DKS) bidreg til at alle skuleelevar i Norge, uansett kvar dei bur, kva skule dei går på eller kva bakgrunn dei har, møter profesjonell kunst og kultur. Fleire tusen utøvarar bidreg i DKS-ordninga, som er landets største formidlingsarena for kunstnarar og kulturformidlarar. Det er eit mål at utøvarane, produksjonane og apparatet elevane møter speglar samfunnet vårt, synliggjer førebilete og bidreg til eit inkluderande og mangfaldig fellesskap.

Profesjonelle utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan melde inn forslag til Den kulturelle skolesekken via DKS-portalen. Eit programforslag kan vere ein ny idé eller ein ferdig produsert produksjon som allereie er vist i DKS eller ein annan stad.

Innmeldingsfrist for skuleåret 24/25 er 1. oktober kl 23.59. Fristen gjeld både nye programforslag og reaktivering av tidligare innsendte forslag.

Les meir her.