Bilde fra Runde med elever i naturen
På Runde. Foto: Marte Glanville

God sommar frå DKS Møre og Romsdal!

Tusen takk til alle kunstnarar, skodespelarar, musikarar, forfattarar og formidlarar som dette året har sørga for at barn og unge har fått oppleve kunst og kultur av høg kvalitet! Og tusen takk til alle kommunekontaktar, kulturkontaktar, elevar og lærarar som har ønska utøvarane velkomen, førebudd elevane, delt med kollegaene, servert kaffe, vore bærehjelp og teknisk hjelp.

I løpet av skoleåret har vi hatt 62 turnéar ute på vegen. Det har vore teater, konsertar, film, bok, kunst og kulturarv. I tillegg har fleire elevar fått prøvd seg i ulike verkstader med blant anna joik, dataspill, laging av dokumentarfilm og musikkvideo. Neste år vil også ha eit spennande program, berre sjå her: Utforsk produksjoner i DKS | Møre og Romsdal DKS (denkulturelleskolesekken.no)

Tusen takk for i år! – God sommar! – og vel møtt til nytt DKS-år den 4.september!

Bilde fra verkstaden KROM med tre dansarar.
KROM-verkstad. Foto: Rom for dans