Kunsten å lære
Publisert 24.06.2025
Kunst og kultur styrkar læring
Barn lærer betre når dei får utforske, skape og samarbeide. Det viser dei samla funna frå det store forskingsprosjektet Kunsten å lære. Kunsten å lære er eit internasjonalt prosjekt som har forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen. Dei samla funna frå forskingsprosjektet viser at kunst- og kulturintegrert undervisning i grunnskular i Noreg og Ungarn, kan styrke læringsmotivasjon, sjølvregulering og fellesskap.
Resultata vart presenterte under Kulturytring i Drammen i dag.
Skulane ønsker vidareføring
Prosjektleiar for Kunsten å lære i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt er glad for endeleg å kunne presentere resultata frå det fleirårige prosjektet. Erfaringane frå prosjektet, er så gode at alle skular som har delteke ønsker å vidareføre undervisningsmetoden med kunst og kultur.
– To skular i Innlandet har fått moglegheit så langt, gjennom vidareføringsprosjekt. Kunsten å lære dokumenterer at kunst og kultur ikkje er pynt på kaka, men grunnmuren i elevane si læring. Kunstbasert undervisning gjev motiverte, glade elevar og betre resultat. Og, er det ikkje akkurat det vi alle ønsker for barna våre?, spør ho.
Sentrale funn – meir engasjerte, sjølvstendige og trygge elevar
Det er forskarar frå Universitetet i Innlandet som har gjennomført undersøkingane i Noreg, og laga rapportane som no er klare.
Studiet bygger på ei stor mengde intervju og observasjonar med lærarar, rektorar, elevar, kunstnarar og føresette, i tillegg til ein spelbasert digital test – Yellow-Red-testen – som måler kontrollfunksjonar hos barn i alderen 6–11 år.
Medan testen viste lik utvikling hos dei som hadde kunst og kultur i undervisninga og dei som ikkje hadde det, viste den andre delen av analysen fleire positive endringar hos dei elevane som deltok i prosjektet.
– Lærarar, elevar og foreldre fortel at barna gradvis har gått frå å søke etter det “riktige” svaret til å ta eigne val, prøve ut nye løysingar og sjå verdi i å gjere feil som ein naturlig del av læringa. Denne endringa tyder på auka evne til sjølvregulering, betre fokus og ein større evne til å tilpasse seg nye situasjonar.
Det fortel Ulrika Håkansson som har leidd forskinga.
Prøving og feiling gir meistring og samarbeid
Undervisninga var prega av opne oppgåver der elevane fekk ta eigne val og lære gjennom prøving og feiling. Ein av rektorane i studiet påpeikte at elevane blei flinke til å kjenne att kvarandre sine styrkar og bruke desse i samarbeid. Håkansson stadfester dette synet:
– Elevane vart meir sjølvstendige, trygge og betre til å samarbeide. Elevar som strevde i tradisjonell forstand, “blomstra” i det kreative miljøet.
Særleg utbytte for elevar som ofte fell utanfor
Analysen viser at barn frå låginntektsfamiliar, Rom-barn i Ungarn og elevar med ADHD har hatt særleg god nytte av den kunstbaserte undervisningsforma – forutsett at dei fekk støtte og struktur.
– Kunsten å lære bidreg til auka likskap og sosial inkludering i skulen, fortel Håkansson vidare.
Læring som varer – også utafor klasserommet
Foreldre i studiet melder om elevar som tek med seg interessa heim, delar kunnskap vidare og kjenner seg frie og trygge. Dei fortel at læringsopplevinga i prosjektet legg grunnlag for ein meir aktiv kvardag på og utanfor skulen.
Utfordringar krev tilrettelegging
Prosjektet peikar på ei reell utfordring: elevar som treng meir føreseieleg struktur må få tilpassa støtte. I tillegg krev samarbeidet mellom lærarar og kunstnarar god planlegging for at den kunstbaserte undervisningsmodellen skal fungere optimalt.
Fakta om Kunsten å lære
• Kunsten å lære er eit internasjonalt prosjekt som har forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
• Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet iInnlandet og samarbeidspartnar T-Tudok i Ungarn og CCE i England.
• Universitetet i Innlandet har gjennomført forskinga i samarbeid med T-Tudok i Ungarn og har utarbeidd rapportane.
• Prosjektet inneheld eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar har samarbeidd om å gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av «livet i skulen» over to år.
• Desse skulane var med i Noreg: Fåset skole (Tynset), Tylldalen skole, (Tynset), Alvdal skole (Alvdal), Jørstadmoen skole (Lillehammer), Søre Ål skole (Lillehammer), Aurvoll skole (Øyer). I tillegg til tre skular i Ungarn.
• Totalt har 644 elevar delteke i prosjektet.
Har du spørsmål, ta kontakt med:
Prosjektleiar Marie Othilie Hundevadt, 402 84 305 / marhun@innlandetfylke.no (for spørsmål knytt til gjennomføring av prosjektet og vegen vidare)
Forskingsansvarleg Ulrika Håkansson, telefon 930 49 312 / psykologulrika@outlook.com (for spørsmål knytt til forskinga og resultata)
Målsettingar
Kunsten å lære har fleire målsettingar. Innanfor forsking er målet å få ei betre forståing for korleis kunstbasert læringsaktivitet kan styrke utviklinga av eksekutive funksjonar (EF), læring, motivasjon og meistring hjå barn mellom seks og åtte år. For skuleverket er prosjektet eit tilbod og eit verktøy for lærarar som ynskjer å utvide sin pedagogiske og didaktiske kompetanse. Kunstfagleg er målsettinga å synleggjere verdien kunst har for utvikling av eksekutive funksjonar, læring, trivsel, meistring og inkludering.
Kunsten å lære viser kva rolle kunstnarar kan ha, og kva effekt kunst kan ha i skulen, og viser korleis kunstfagleg metodikk står støtt òg utanfor kunsten sine eigne arenaer.
Undervisningsopplegga
Kunsten å lære sin pedagogiske plattform baserer seg på ein læringsteori kalla performativ læringsteori. Denne læringsteorien er underbygd av ei nevropsykologisk forståing av eksekutive funksjonar i hjernen. Kunsten å lære som pedagogisk metode tek utgangspunkt i den overordna læringsteorien.
I prosjektet «Kunsten å lære 2021-2024» vart det utvikla 24 ulike tema, som undervisninga tok utgangspunkt i. Ei av dei heitte «Formfangarar og er dokumentert i denne filmen:
Kunsten å lære har utvikla seg gjennom fleire år og fleire prosjekt. Det er DKS Innlandet, seksjon i Innlandet fylkeskommune, som har hatt prosjektleiinga frå start.